Svensk pietisme frå Sibir

Tsar Peter paraderer svenske krigsfangar i Moskva i 1709.
Tsar Peter paraderer svenske krigsfangar i Moskva i 1709.
Publisert

Kan det kome noko godt frå Nasaret, spør dei ironisk i evangeliet. Ja, det kunne det, fortel evangeliet. Kan det kome pietisme frå Sibir? Ja, det kunne det, fortel historia.

I svensk historie er det ein bolk som heiter stormaktstida. Frå Gustav Vasa og framover hadde Sverige bygt seg opp til å bli eit av Europas største rike, samanhengande frå Austersjøen til Svartehavet.

I 1709, ved Poltava i Ukraina, vart alt dette lagt i grus. Den russiske hæren, under Peter den store, knuste den svenske karolinarhæren under Karl XII. Den svenske hæren vart tatt til fange. Karl rømde til Tyrkia. Og stormaktstida var ute.

22.000 fangar vart sende til Moskva, der dei fekk sjå den russiske sigersparaden. 9000 hamna i Sibir. Der leid dei vondt, som så mange andre har gjort der. Naudbreva heim er sterk lesnad. Mange svalt i hel.

I Tobolsk skaffa dei seg eit kyrkjelokale, og dei valde seg eit kyrkjeråd. Dei prøvde å halde håpet oppe i vonløysa. Dei feira kongens namnedag, 28. januar, og fødselsdagen, 17. juni. Og i møta tala dei mykje om sine eigne synder. Når dei hadde tapt slaget og Gud hadde overgitt dei, var det straff for eigne synder. Om dei omvende seg, ville lekkjene frå synda og fangenskapet falle.

Ei pietistisk rørsle greip om seg blant fangane. Løytnant Joakim Lyth skriv i dagboka si: «Jag för min del tilstår att jag aldrig förr så trofast, innerligt og andaktsfullt har bett til min Gud som under denne vår elendige fångenskap.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement