Svele

Landfaste sveler vert ikkje det same.

Svela skal serverast med knekk i ryggen, skriv Siri Helle.
Svela skal serverast med knekk i ryggen, skriv Siri Helle.
Publisert

For å slå det fast med ein gong: Ei svele er ikkje kva som helst slags bakverk. Ein kan ikkje, som Tine gjer på nettstaden sin, titulere ei oppskrift «Svele (lapper)». Svele og lappar er nemleg på ingen måte det same. Lappar er tynnare, gjerne mindre og må ikkje ein gong lagast på surmjølk. Ein kan heller ikkje, slik nrk.no gjorde førre helg, illustrere ei sak om sveler med bilete av eit samanrulla bakverk.

Det er nemleg berre éin rett måte å ete ei svele på: bretta i to på midten, med den sida som fyrst kjem ned på takka, ut. Då får svela ein knekk i ryggen, som ei godt lesen bok. Når du kjem holsvolten inn i kiosken, etter å ha køyrt og svinga og svinga og køyrt og blinka med langlysa før kvar sving for å sjå om du må bu deg på trafikk imot eller kan «gønne» på, og hange ut av vindauget på førarsida med ferjekortet ditt når du vel er komen om bord, for du rakk ferja, og no må du få betale slik at du kan kome deg inn, handle svele og kaffi, kjenne lukta av fjord, drivstoff og godt brukte toalett – då må du kunne vite at svela di er laga av nokon som kan slikt.

Sveler for evig

Slik skal ei svele vere. For evig og evig, amen. Ein skulle tru at i det minste Fjord1, Noregs største ferjeselskap og i si tid ei samanslåing av sjølvaste svelesverjarane FSF og MRF, ville skjøne såpass. Ja, så seint som i juli i fjor var dei ute og fortalde i avisene kor mange sveler dei lagar i året. 800.000 vert det.

Men det var visst då. Eller så hugsa ikkje salssjefen at sveletakkene var på veg ut når dei nye elektriske ferjene no kjem inn. Kanskje kjem dei ein gong attende, men då i ein automat. Steikte ferdig på land. Med elektromotoren er det slutt på kioskdrift slik vi kjenner henne: Byssedrifta krev for mykje straum.

Det er ikkje eingong synd berre for svelene sin del. For maten dei lagar om bord i ferjene, er jamt over veldig bra. Sjølvsagt er det pølser, og sjølvsagt går det mange av dei, men ser ein berre bitte litt lenger, kan ein i staden velje fiskekaker, lapskaus og nokre dagar til og med raspeballar for ikkje særleg mange fleire pengar. Ordentleg mat – om enn ikkje like ordentleg som svela.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement