Surmjølk

Ikkje alle bakteriar treng namn.

Gamal drikk: tjukk, sur mjølk.
Gamal drikk: tjukk, sur mjølk.
Publisert

Er det éin ting som gjer nordmenn til nordmenn, er det at vi drikk mjølk: fersk mjølk, i store glas, fleire gongar om dagen – barn som vaksne, unge, gamle, kvinner og menn. Og det har vi gjort så lenge nokon kan minnast, for fordøyingssystemet vårt, det norske, eller iallfall det nordiske, toler mjølkesukkeret laktose betre enn noko anna i heile verda.

Eller var det ikkje heilt slik? Éin ting er at toleransen for laktose er styrt av om ein har enzymet laktase i fordøyingssystemet, og det har nordmenn i mykje større grad enn til dømes kinesarar, men det er truleg ikkje ferskmjølkdrikking som er årsaka.

At vaksne drikk søt, fersk mjølk i store mengder, er nemleg ein tradisjon av nyare dato. Truleg kom han med kjøleskapet: Før det kom i hus, var det rett og slett umogleg å halde mjølk søt over tid.

Syrneviljug

Mjølk vil syrne. Fersk mjølk har ein pH på 6,9, nærast heilt nøytral, med andre ord, men ho skal ikkje stå mange timane i romtemperatur før pH-en er monaleg lågare.

Årsaka er grei og ligg nærast i namnet: Mjølkesyrebakteriar er ei av dei største og viktigaste gruppene snille bakteriar vi har. Ja, for dei er nærast overalt: Vi har dei i tarmsystemet vårt, der dei er ein del av immunforsvaret, og dei bidreg når vi bryggar øl, bakar brød, legg sylteagurkar på glas, gjer kakaobønner til sjokolade og – altså – gjer mjølk til surmjølk, yoghurt, ost, rømme og alle dei andre syrna meieriprodukta vi set så stor pris på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement