Sukkererter

To pakkar sukkererter på ei hylle kan fortelje både eitt og hitt om verda.

Smaken av sommar kan vere grøn og sprø – og vare utover hausten.
Smaken av sommar kan vere grøn og sprø – og vare utover hausten.
Publisert

Jau, det er så absolutt ein sommarting: å gå ut i hagen utan sko, kjenne fuktig jord kjøle godt mot fotsolane medan sola varmar naken hud, og plukke friske sukkererter, erter så sprø at det knasar og så søte at ein knappast treng laurdagsgodt.

Men heldigvis: Om barbeintsesongen er over, treng vi ikkje gje opp runde, søte, sprø sukkererter. Om det er tomt i hagen, kan vi kjøpe dei på butikken, der har dei framleis norske sukkererter. Sukkerertene i butikken min er produserte på Torbjørnrød Gård, det står på pakken. Eit raskt internettsøk fortel vidare at Torbjørnrød Gård ligg på Nøtterøy, er driven av Morten Fevang Johansen og er ikkje mindre enn Noregs største sukkerertprodusent. Her, akkurat som heime i hagen, må sukkerertene ha noko å klatre på for å vekse, så det går ein del staur: 333 staur per dekar, les eg meg fram til. Mellom staurane er det trådar, og opp langs trådane veks sukkerertene.

Lovleg prissamarbeid

I butikken min kostar ein pose på 200 gram 35 kroner – ein kilopris på 174 kroner og 50 øre. Skal tru kor mange av desse kronene Torbjørnrød Gård har sett noko til? Det kan vi faktisk regne oss ganske nøyaktig fram til.

I Noreg har vi nemleg noko som heiter Grøntprodusentenes Sam­arbeids­råd (GPS). I dette rådet sit dei tre produsentorganisasjonane Gartnerhallen SA, Nordgrønt SA og Produsentforeningen 1909. Kvar veke gjennom sesongen ser dei på gjeldande pris, tilbod og etterspurnad, kostnader, toll, import og liknande, og bestemmer ut frå det kva prisen for kvar enkelt kulturvekst, som brokkoli, jordbær eller sukkererter, bør vere komande veke. Kvar onsdag tek dei ulike aktørane tala sine med seg og møtest på Markedsmøtet, der noteringsprisarne for komande veke vert slegne fast.

Dette inneber ikkje at produsentane er garanterte prisane som vert bestemte, men dei er retningslinjer og stemmer ofte bra. I veke 39, til dømes, tilrådde Markedsmøtet at prisen for 150 gram sukkererter i pose skulle vere 13,44 kroner, og noteringsprisen, altså prisen som vart utbetalt, enda på 13,45 kroner. Ikkje verst. Rekna om til kilo vert det 89,66 kroner. Over halvparten av pengane eg betaler, bør med andre ord kome gardbrukaren i hende. Og det må seiast at det ikkje er dårleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement