JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sukkererter

To pakkar sukkererter på ei hylle kan fortelje
både eitt og hitt om verda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Smaken av sommar kan vere grøn og sprø – og vare utover hausten.

4320
20191004
4320
20191004

Jau, det er så absolutt ein sommarting: å gå ut i hagen utan sko, kjenne fuktig jord kjøle godt mot fotsolane medan sola varmar naken hud, og plukke friske sukkererter, erter så sprø at det knasar og så søte at ein knappast treng laurdagsgodt.

Men heldigvis: Om barbeintsesongen er over, treng vi ikkje gje opp runde, søte, sprø sukkererter. Om det er tomt i hagen, kan vi kjøpe dei på butikken, der har dei framleis norske sukkererter. Sukkerertene i butikken min er produserte på Torbjørnrød Gård, det står på pakken. Eit raskt internettsøk fortel vidare at Torbjørnrød Gård ligg på Nøtterøy, er driven av Morten Fevang Johansen og er ikkje mindre enn Noregs største sukkerertprodusent. Her, akkurat som heime i hagen, må sukkerertene ha noko å klatre på for å vekse, så det går ein del staur: 333 staur per dekar, les eg meg fram til. Mellom staurane er det trådar, og opp langs trådane veks sukkerertene.

Lovleg prissamarbeid

I butikken min kostar ein pose på 200 gram 35 kroner – ein kilopris på 174 kroner og 50 øre. Skal tru kor mange av desse kronene Torbjørnrød Gård har sett noko til? Det kan vi faktisk regne oss ganske nøyaktig fram til.

I Noreg har vi nemleg noko som heiter Grøntprodusentenes Sam­arbeids­råd (GPS). I dette rådet sit dei tre produsentorganisasjonane Gartnerhallen SA, Nordgrønt SA og Produsentforeningen 1909. Kvar veke gjennom sesongen ser dei på gjeldande pris, tilbod og etterspurnad, kostnader, toll, import og liknande, og bestemmer ut frå det kva prisen for kvar enkelt kulturvekst, som brokkoli, jordbær eller sukkererter, bør vere komande veke. Kvar onsdag tek dei ulike aktørane tala sine med seg og møtest på Markedsmøtet, der noteringsprisarne for komande veke vert slegne fast.

Dette inneber ikkje at produsentane er garanterte prisane som vert bestemte, men dei er retningslinjer og stemmer ofte bra. I veke 39, til dømes, tilrådde Markedsmøtet at prisen for 150 gram sukkererter i pose skulle vere 13,44 kroner, og noteringsprisen, altså prisen som vart utbetalt, enda på 13,45 kroner. Ikkje verst. Rekna om til kilo vert det 89,66 kroner. Over halvparten av pengane eg betaler, bør med andre ord kome gardbrukaren i hende. Og det må seiast at det ikkje er dårleg.

Dyr import

Sukkerertene til Johansen er likevel ikkje aleine i butikken. Ved sida av seg på hylla har dei kollegaer frå ein heilt annan stad: Zimbabwe. Zimbabwe er eit mellomstort land midt inne i det sørlege Afrika. Skal du køyre frå hovudstaden Harare til vår hovudstad, Oslo, har du 13.441 kilometer framføre deg. Kva gjer desse sukkerertene i Noreg? Er dei importerte for å vere eit billegare alternativ? I så fall har nokon gjort ein dårleg jobb: Sukkererter frå Zimbabwe kostar 24 kroner meir per kilo enn dei norske.

Vil det seie at nokon, nærare bestemt importvernet, har gjort jobben sin? Neppe. Zimbabwe er nemleg eit MUL-land: MUL står for «most undeveloped country», som på norsk vert «mest underutvikla land», og slike land betalar ikkje toll på eksport av matvarer. Aldri. Ikkje til nokon.

Ein kan spørje seg kva ein slik regel gjer med innsatsen for å kome seg ut av lista over dei mest underutvikla landa. Det er sikkert ikkje ein særleg gunstig stad å vere for brorparten av innbyggjarane i landet. Men når det å kome seg oppover i levestandard inneber å miste retten til gratis eksport, gjer det truleg noko med motivasjonen.

Vi skal likevel attende til Noreg. Kven har fått desse sukkerertene hit? Vi har alt sett at vi ikkje treng dei, norsk klima er fint å dyrke sukkererter i.

Sukkerertene frå Torbjørn­rød Gård vert selde gjennom merkevara Gartner. På heimesida si skriv dei varmt om korleis dei «tar Norge i bruk». Klimaet og jorda gjev grønsakene ein spesiell smak og karakter, skriv dei. Kvifor er det då naudsynt for dei å hente sukkererter frå Zimbabwe? For bak Gartner står Bama, og på Zimbabwe-ertene står det òg Bama. Er det godt norsk, men ikkje godt nok, som gjeld? Det verkar rett og slett temmeleg tåpeleg.

Kjøper eg sukkererter frå Zimbabwe? Nei takk, eg går ikkje over bekken etter verken vatn eller erter og held meg difor til sukkerter frå Noreg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når det å kome seg

oppover i levestan-

dard inneber å miste

retten til gratis

eksport, gjer det

truleg noko med

motivasjonen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis