Frå historia

Straff for synd

Girolamo Frascatoro (1483–1553) skreiv eit dikt om gjetaren Syphilis.
Girolamo Frascatoro (1483–1553) skreiv eit dikt om gjetaren Syphilis.
Publisert

Syfilis fanst ikkje i antikken og i mellomalderen. Då sjukdomen dukka opp i Europa på 1500-talet, var han ny og ukjend. Og han spreidde seg fort.

Det er omdiskutert kvar han kom frå. Rådande lære er at han kom frå Amerika. I 1492 kom Columbus og skipa hans til dei karibiske øyane. Sjøfolka hans hadde seksuell omgang med innfødde kvinner, som då hadde sjukdommen. Mange har sett dette som ein raffinerte hemn for europeiske overgrep på det nye kontinentet.

Sjøfolka tok sjukdommen med seg heim. Nokre av dei vart leigesoldatar i krigen rundt Napoli eit par år seinare. Og der viste syfilisen seg for alvor i Europa. I starten var han akutt, og mange døydde straks.

Den svenske vitskapshistorikaren Nils Uddenberg skriv om dette i boka si om medisinens historie.

Etter kvart fekk sjukdommen eit meir ordna mønster. Første fase var sår på kjønnsorgana. Dei grodde, før det dukka opp store sår og feber. Det gjekk også over, før langtidsverknaden kom, gjerne etter fleire tiår. Sjukdmmen kunne gå til åtak på sentralnervesystemet, hjernen og ryggmergen. Det kunne medføre mental sjukdom og lammingar.

Henrik Ibsen gjorde verdslitteratur ut av dette, i Gengangere. Ved eit utsvevande liv hadde kammerherre Alving pådrege seg syfilis, som gjekk i arv til sonen Osvald. Fedresyndene heimsøkte borna. Syndestraffa gjekk i generasjonane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement