Frå historia

Stormaktene

Slaget ved Poltava, slik kunstnaren Denis Martens måla det i 1726 (utsnitt).
Slaget ved Poltava, slik kunstnaren Denis Martens måla det i 1726 (utsnitt).
Publisert

Det historiske råstoffet er grenselaust. Den som vil fortelje historie, må gjere eit utval. Det meste må veljast bort. Og det valet som er gjort, er prega av interessene til forteljaren. Og desse interessene vil prege forteljinga, kva som blir fortalt.

Nokre vil fortelje om ei eventyrleg teknologisk utvikling i historia, frå flinsteinane som kunne tenne bålet, til vår tids romfart, atomfysikk og digitalisering.

Andre vil fortelje om framvoksteren av jordbruket, som gav så mykje mat at folk kunne slutte med matsamlinga og flytte inn i byar, der dei dreiv med kunst, religion, filosofi, vitskap og anna åndsarbeid.

Andre vil fortelje om stormaktene i historia, som kom, regjerte og vart borte. Dei dominerte si tid og sine område. Og så var det slutt.

Lista over fallerte og forsvunne stormakter er endelaus. No finst dei einast i historiebøkene. Der lærer vi om Assyria, Babylon, Persia, Kartago, Romarriket, dei greske bystatane, Aztekarriket, Inkariket, Mayariket. Dei er alle borte, på plass i biblioteka.

I moderne tid har vi sett europeiske stormakter fallere. Sola går aldri ned i mitt rike, sa spanskekongen ein gong. Det er lenge sidan. I førre hundreåret, då statane i Europa prøvde å øydelegge kvarandre i fleire store krigar, såg vi at dei mektige europeiske kolonimaktene vart jaga av verdsscena og sende heim, til eit liv som mellomstore regionalmakter. Og nye stormakter tok over verdsscena: USA, Sovjetunionen og etter kvart Kina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement