Frå matfatet
Spekeskinke
Kanskje er tid viktigare enn avstand.
Det er mogleg å sjå at det bur noko godt i desse skinkene.
Foto: Pxhere.com
Lytt til artikkelen:
Kva er det dyraste dei har på daglegvarebutikken din? Sånn per kilo, meiner eg? Det er ikkje indrefilet eller hummar eller andre eksklusive råvarer – kiloprisen stig fyrst verkeleg når vara er foredla. Tørkar ein kjøt eller fisk, til dømes, forsvinn det mykje vatn, og det er innanfor å skru opp kiloprisen.
Innanfor visse grenser, i det minste. Eg skal ikkje skryte på meg å ha gått gjennom alle varene i butikken, men eg merkar meg at blant varene med ein kilopris på over 1000 kroner, er det temmeleg mange pakkar med oppskorne spekeskinker frå land på nordsida av Middelhavet – nærare bestemt Spania og Italia. Er dei verde prisen?
Spansk ekspertise
I Spania er dei ekspertar på spekeskinke. Det er ikkje til å kome ifrå, det. Dei lagar mellom anna jamón ibérico, der jamón tyder skinke og ibérico syner til griserasen som vert nytta: svarte, iberiske grisar. Desse grisane har ei heilt spesiell evne til å marmorere feitt i musklane, noko som gjev ei skinke som kan modnast lenge og utvikle mykje smak. Iberico-grisen finst berre i Spania og Portugal, og berre i skogane her får han utnytta heile potensialet sitt: Dei finaste kvalitetane av jamón ibérico er baserte på lår frå grisar som berre har beita – så og seia berre på eikenøtter – i dei spesielle dehesaskogane dei to landa er kjende for.
Dette gjev ei heilt unik skinke ein ikkje kan lage nokon annan stad i verda. Jamón ibérico, særleg ei som vidare er merkt Black Label eller de bellota – dette er garantien for 100 prosent iberisk gris, utegåande og fôra på 100 prosent eikenøtter – er verd å betale for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.