Frå matfatet

Spekesild

Havets sølv er ein skatt vi ikkje har råd å miste.

Tenk godt etter: Kva var livet utan spekesild?
Tenk godt etter: Kva var livet utan spekesild?
Publisert Sist oppdatert

For ei tid sidan fekk eg ein telefon frå ein lesar. Det hender ikkje så ofte, men er desto hyggelegare – sjølv om det i dette høve dreidde seg om ein temmeleg opprørt og fortvila mann. Årsaka til fortvilinga var forståeleg: Etter ein lengre butikkrunde til dei fleste daglegvarebutikkar i Oslo-området hadde han ikkje lukkast i å få tak i spekesild. Tvert om var han blitt fortald at den vara ikkje lenger var å få tak i.

Eg var i utgangspunktet bitte litt skeptisk: Kunne det no verkeleg stemme at det ikkje lenger var mogleg å få tak i spekesild i Noreg? Det vil jo i så fall rokke ved heile grunnfjellet vårt, vil det ikkje? Eg meiner, kva var Noreg og nordmenn utan sild og potet? Om spekesild ikkje er favorittretten til fjortenåringane, tyder det at vi berre skal legge henne bak oss og gløyme henne? Underteikna var heller ikkje særleg glad i spekesild som tenåring, men no er det på lista over favorittrettar.

Det var difor med ei viss kribling eg søkte opp spekesild på marknadsleiande fiskeforedlar Findus si nettside. Og har du sett: Det som møtte meg, var ein parentes med beskjeden «utgått frå sortiment».

Alternativ

Med eitt kjente eg meg ekstra heldig som har ein svoger som jobbar i pelagisk fiske og lagar knakande god spekesild heime. Men det kan då ikkje vere meininga at det skal verte den einaste måten å få tak i spekesild på i framtida – at alle dei som ikkje er like heldige, må nøye seg med å møte spekesild som ein tekst i ei bok eller eit kuriøst innslag på Norge Rundt?

Og heldigvis er vi ikkje der enno. Etter eit litt djupare søk synte det seg at Findus ikkje var den einaste produsenten av spekesild her til lands: Både Lofoten, Norway Seafoods (ein del av Lerøy-konsernet) og Norgesgruppens EMV-merkevare Fiskemannen produserer framleis spekesild i Noreg, for den norske marknaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement