Soyabønner

Er det Noreg eller norsk landbrukspolitikk som treng soya frå Brasil?

Den store regnskogdreparen er ei lita, lysebrun bønne. Men endar ho sine dagar i Noreg?
Den store regnskogdreparen er ei lita, lysebrun bønne. Men endar ho sine dagar i Noreg?
Publisert

Dei siste par vekene har vi fått nyansert ei rekke sanningar frå brasiliansk Amazonas. Då ei røyksky mørkla São Paulo nokre timar, vart det med eitt stor merksemd kring at det brenn i Amazonas: Fyrst fekk vi høyre at det brenn som aldri før, og at verdas lunger er i ferd med å kollapse. Etter kvart vart det heile redusert til at det brenn mykje, men ikkje mest, og at Amazonas som verdas lunger eigentleg ikkje er heilt slik ein regnskog fungerer.

Men éi opplysning må då vere temmeleg grei å ta innover seg: Det beste du kan gjere for regnskogen, er å ete mindre kjøt. Dei viktigaste årsakene til eldspåsetjinga er nemleg landbruket: beiteland til kyr og – ikkje minst – produksjon av soya til dyrefôr. Soyabønner er Brasils viktigaste landbruksartikkel.

Men denne samanhengen med å ete kjøt i Noreg – er det eigentleg så enkelt? Noreg importerer kring 1 million tonn soya kvart år, ifylgje Felleskjøpet. 80 prosent går til fôr til laks, 20 prosent går til dyrefôr – fyrst og fremst til kylling, så til mjølkekyr, verpehøner og ein smak til gris og sau. Så å seie alt kjem frå Brasil. Men Brasil er stort, større enn heile Europa, og det vert dyrka soya mange stader. Det er delstaten Mato Grosso som leverer brorparten av soya­bønnene vi får til Noreg – og den delstaten strekker seg ikkje lenger inn i Amazonas.

Sanninga er at Noreg ikkje kjøper soyabønner frå Amazonas i det heile, i det minste ikkje frå nyleg avskoga område. Det er fordi vi berre kjøper RTRS- og Proterra-sertifiserte soyabønner: Round Table Responsible Soy og Proterra sertifiserer soyabønner frå jord som ikkje er frå «økosystem med høg verneverdi». Det inkluderer regnskog, og det inkluderer savannebiotopen cerrado, som store delar av Mato Grosso er dekt av.

Global etterspurnad

Altså kan vi halde fram med å hive innpå kylling og kjøtkaker som om det ikkje var nokon morgondag? Nei, så enkel var heller ikkje verda. Etterspurnad etter soya i verda er sterkt veksande, og om Noreg berre kjøper «avskogingsfri» soya, inneber det at andre, som set lågare krav, må kjøpe soya frå avskoga område i Amazonas. Selskapet vi kjøper soya av, er òg det same. Då eg intervjua berekraftsjefen i soyaprodusenten Amaggi, som står for store delar av soyaeksporten til Noreg, i 2015, var dei klare på at det ville verte særs vanskeleg for dei om særleg fleire kjøparar stilte same krav som Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement