Sommarmat

Kvifor skal ferien vere sakte, men sommarmaten rask?

Sommarmat? Kvifor ikkje? Ferskare vert han i alle høve ikkje.
Sommarmat? Kvifor ikkje? Ferskare vert han i alle høve ikkje.
Publisert

Eg innrømmer det: Nokre gonger byrjar jakta på kva desse matspaltene skal handle om, på Google. Med det enklaste av alle journalistiske knep (har det eigentleg fortent namnet?), eit søk i verdas største søkemotor. Og dette er ein slik gong. Men maten skal òg vere enkel for tida – i det minste om eg skal tru på resultata eg får av søket på «sommarmat». For her er det tre ord som går att: lett – det speglar nok årstid og temperatur – og raskt og enkelt.

«Når det er sommer og sol er det ingen grunn å bruke mye tid på kjøkkenet», skriv Lerøy om den digitale vekemenyen sin. Og plusstid.no, ein nettstad som ynskjer å bidra til at barnefamiliar får gode kvardagar og feiringar, skriv: «På sommeren er det mye annet som frister mer enn å tilbringe timevis på kjøkkenet.»

Ja, vi vil vere ute i godvêret. Men må det gå ut over maten? Når alt anna om sommaren skal vere sakte – lange, late dagar på stranda med ei god bok, god tid på fjellet, på kafé i storbyen – kvifor må maten vi lagar heime, vere så rask? Tyder ikkje omgrepet «sommarmat» nettopp at maten er ein del av opplevinga, ein del av sjølve sommaren? Med alt vi unner oss i ferietida, bør vi ikkje òg unne oss god mat?

Sesongbasert

Poenget med ein eigen mat for sommaren må vere to ting: For det fyrste treng vi ein type mat som høver til klimaet. Er det varmt og solrikt, ynskjer vi oss heller jordbær og fisk enn fårikål og kakao. For det andre burde sommarmaten vere den det er sesong for. Maten vi et om sommaren, burde vere minst like god – ja, gjerne betre nett no enn andre tider.

Heldigvis går dei to godt saman. Dei tunge rotgrønsakene og det feite kjøtet kjem ikkje før til hausten. Maten som er moden, fersk, rik på smak og tilgjengeleg i juli og byrjinga av august, er i stor grad lett, frisk og – ja, nettopp – sommarleg. I grønsakhagen hentar vi agurkar og sukkererter og bringebær og urter, frå havet får vi makrell og kveite og breiflabb. I skogen kjem bæra og soppen og alt det grøne vi kan ete om vi berre finn tid, lyst og mot. Slå ned den gamle brennesla og få opp nye skot, prøv litt skogsyre i salaten, haust tang og tare i fjæra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement