JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Som fuglen i sky

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fart i sakene vart det først då Joseph Montgolfier i 1782 sende opp ein varmluftballong.

Illustrasjon: Wikimedia Commons

3949
20170324
3949
20170324

Gjennom det meste av historia har menneska vore misunnelege på fuglane. Medan menneska måtte slite seg fram på jorda, til lands og til sjøs, kunne fuglane sorglaust sveve mot himmelen, utan vekt og tyngsle. Det har nok sett tillokkande ut for jordbundne menneske, som det framleis gjer.

Mange prøvde tankane sine på dette. Ein av dei var Leonardo da Vinci. Han prøvde å byggje vengjer til noko som likna eit glidefly. Det var ikkje liv laga.

Nokre hundreår seinare streva jesuittpateren Lana med ein ny tanke. Han ville tømme lufta ut av metallkuler for å sjå om dei då ville stige mot himmelen. Dei ville ikkje det.

Første ballongen som steig, var også tenkt fram av ein pater, Bartolomeo de Gusmao i Lisboa. I 1709 fekk han ein liten varmluftballong til å lette innomhus.

Fart i sakene vart det først då franskmannen Joseph Montgolfier i 1782 sende opp sin varmluftballong. Året etter laga han ein ballong med ein diameter på 11 meter, som kunne stige 1830 meter til vers. Seinare same året sende ein annan franskmann opp den første hydrogenballongen i historia. Han heldt seg oppe i 45 minutt, før han landa i landsbyen Gonesse, der vettskremde menneske reiv han i filler.

Men kven skulle først forlate det jordiske og dra opp i lufthavet i ballong? Kor risikabelt det var, kunne ingen vite. Og franskmennene gjorde som russarane då rommet vart tilgjengeleg. Russarane sende opp Laika, før Juri Gagarin og Valentina Tsjereskova kunne kome etter. Franskmennene sende opp ein sau, ei and og ein hane 19. september. 1783, rett før den store revolusjonen braka laus. Dette blanda selskapet steig til 550 meters høgd før dei vende velberga tilbake. Ein liten månad seinare var det første mennesket oppe i lufta, berre 26 meter oppe, og ballongen var ankra i bakken.

Same året, seint på hausten, var det ein som kasta ankeret og flaut fritt.

Og så gjekk det slag i slag. Under den fransk-tyske krigen i 1870–71 omringa tyskarane Paris og stengde parisarane inne. Då brukte dei ballongar til å kommunisere med. 65 gonger drog fullasta ballongar ut av Paris. 165 personar kom seg ut, og ei mengd med post. Ein av desse ballongane tok seg ein langtur og landa på Lifjell i Telemark etter ei ferd på 15 timar. I 1908 sette ein sveitsar rekord i lufta, ved å vere oppe i 72 timar på ferda frå Berlin til Molde.

No var polarekspedisjonane godt i gang, og tanken på å nå Nordpolen først, i ballong, vart tenkt. Den svenske ingeniøren S.A. André var med ein meteorologisk ekspedisjon til Svalbard. I arbeidet der nytta han ballongen Svea, som han hadde fleire oppstigingar med. Denne ballongen kunne styrast, og ikkje berre følgje vinden. 11. juli 1897 letta han og to andre med kurs for Nordpolen. I starten vart styringa øydelagd. Etter tre dagar måtte dei naudlande langt oppe i isen. Så måtte dei gje seg på vandring for å gå heim. Og så var dei borte.

Andrés lagnad var gåtefull og utfordrande. Det vart leita, utan hell.

Først i august 1930, etter 33 år, kom dei første restane for dagen, funne av ein norsk ekspedisjon. Same året hadde eit pressekonsern utrusta ein ekspedisjon for å leite. Dei fann leiren, med fotografi og dagbøker. Så vart den triste lagnaden deira kjend. Truleg døydde dei av trikinose, etter å ha ete isbjørnkjøt, seier leksikonet.

Andrés ballongferd og lagnad har inspirert fantasi og ettertid. Han har fått sitt eige museum i Småland, og i 1968 fekk Per Olof Sundman Nordisk Råds litteraturpris for ein dokumentarisk roman om ferda hans.

Første ballongoppstiginga i Noreg skjedde 28. august 1890 med ballongen Norge.

Atlanterhavet vart kryssa med ballong i 1978, Stillehavet tre år seinare. Og så langt er høgderekorden 34.668 meter.

Men ballongen fekk inga lysande framtid. Medan fuglane kunne manøvrere mot ver og vind, kunne ikkje ballongane det. Dei dreiv som korkar på havet, eller som fjører i vinden.

Om mennesket skulle kunne fly som fuglen, måtte det nye tankar til. Og dei kom.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis