Småis
Om vi skal tru dei store iskremprodusentane, skal vi i sommar vere kliss like.
Rosa eller gul. Er ikkje pinneismangfaldet større enn dette?
Dette er truleg den einaste daglegvarelanseringa med reell interesse i ålmenta: issleppet. Årets nye pinneisar. Det vesle blaffet mot sommaren som skal komme, håpet, lengten etter dei dagane som er så fine, så varme, så lange at ein berre må stappe i seg is etter is sjølv om det er lenge sidan 17. mai.
Ein kan alt no velje seg favorittar og slik få eit lite frampeik. Korleis ser sommaren 2019 ut?
Vi har to dominerande iskremprodusentar i Noreg: Diplom-Is og Hennig-Olsen Is. Diplom-Is er ein del av meierisamvirket Tine, medan Hennig-Olsen Is er ei familieverksemd basert i Kristiansand. Og éin ting er sikkert: Går du i ein butikk, finn du ikkje begge to. Enten er det ein Diplom-Is-butikk, eller så er det ein Hennig-Olsen Is-butikk.
Det fyrste som slår meg idet eg opnar iskremmenyane, er likevel kor like dei er. Begge produsentane har sine kroneisar: Is i kjeks har vi hatt i Noreg sidan femtiåra. Sjølv om Diplom-Is (dåverande Meierienes Fellesfabrikk) var fyrst ute, var det ingen som protesterte då andre iskremfabrikkar plukka opp tråden. Dei har kvar sin båtis, kvar sin sandwich, sjølv om Diplom-Is kallar sin Sandwich Original, og kvar sin serie med heilt likt forma ovale, litt meir fancy kvalitetsis: Diplom-Is har Royal og Hennig-Olsen Creme. Diplom-Is har Snickers-is, Hennig-Olsen har Japp-is, Diplom-Is har Lollipop med appelsin- og bringebærsmak, Hennig-Olsen Friskis med appelsin og jordbær.
To nye sider
Men attende til nyhenda. Har nokon av produsentane funne fram kreativiteten og skapargleda ein ekte sommaris fortener? Vel. Hennig-Olsen Is og Diplom-Is lanserer fem nye iskremar kvar – i teorien. I røynda er dei alle, kanskje med eitt unnatak, relanseringar, altså kjende merkevarer med nye smakar. Mellom anna kjem både Royal og Creme i nye smaksdrakter. Og har du sett: Dei kjem begge to med ein variant med karamell og peanøtter.
Diplom-Is har rett nok dyppa karamellkremen i eit sølvfarga overtrekk. Sølvfargen er laga med hjelp av titanoksid TiO2 – råstoffet som gjer gruvedrift med fjorddeponi i Førdefjorden naudsynt. Treng vi fleire bruksområde for slike mineral?
Vidare har Hennig-Olsen Is slått seg saman med Lerum og laga is av safta Zeroh!, medan Diplom-Is ikkje har gått lenger enn til sin eigen eigar Tine når dei har skapt sjokolademjølka Litago om til iskrem. Til felles har dei uansett at dei strekker sanninga langt: Rett nok er det berre 1,2 kaloriar i ein Zeroh!, men at det òg er 0 prosent sitron og guava, som er det isen hevdar seg å smake, er ikkje noko å skryte av. Det same gjeld den eine prosenten feittredusert kakao som har fått plass i den såkalla sjokoladeisen Litago.
Unnataket frå relanseringane er kanskje Hennig-Olsens Nyt Dobbelsjoko – for sjølv om isen òg finst som boksis, er dei alle relativt nye og uetablerte. Men med ei innhaldsliste lang som ein regnfull fellesferie, vert diverre heilskapsbiletet av issommaren 2019 nærare vintermørke enn sommarkveldar.
Smått er godt
Sommar – særleg sommarferie – handlar om nostalgi. Om akkurat som i fjor, og året før, og året før der att: same skrekkblanda-fryd-utedo på hytta, same startproblem med påhengsmotoren, same skuffande sommarreker vi ikkje kan late vere å ete. Der, på nostalgien, leverer pinneisen: Han har vit til ikkje å fjerne det han veit vi elskar.
Men sommar handlar òg om å gjere akkurat det ein vil. Ikkje akkurat det ein gjer til vanleg, og ikkje akkurat det andre gjer. Om det uventa, det unike vi hugsar langt inn i vinterkveldane. Der har Diplom-Is og Hennig-Olsen Is eit og anna å lære.
Dei kan til dømes lære av dei små: For her blømer verkeleg kreativiteten. Hjå Isrosa heiter – og inneheld – iskremane til dømes kanel, valnøtt med lønnesirup eller bjørnebær. På Alm Gard lagar dei sorbé av plomme, yoghurtis med lavendel eller tyttebær og fløyteis med tindved, medan dei på Reins kloster i Trøndelag mellom anna lagar fløyteis med safran.
Kontrasten er stor. Eg veit kva eg kjem til å velje: Kjøper eg is frå Hennig-Olsen Is eller Diplom-Is i sommar? Nei takk, sjeldan har smått vore så godt – ja, så mykje betre – enn i norsk iskrembransje 2019.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det fyrste som slår
meg idet eg opnar
iskremmenyane,
er kor like dei er.
Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB