Frå historia
Små menn og krigen
I sentrum av dramatikken stod den amerikanske presidenten John F. Kennedy (t.h.) og den sovjetiske leiaren Nikita Khrusjtsjov på kvar si side. Her frå det første møtet deira, i Wien i juni 1961.
Foto: AP / NTB
Hausten 1962 stod verda på kanten av stupet, atomkrigen. Sovjetsamveldet hadde plassert rakettar på Cuba, rakettar som kunne nå mål i USA utan vanskar. USA kravde at rakettane skulle bort.
I nokre dramatiske dagar stod verda og skalv, før rakettane vart fjerna.
Mange år seinare møtte eg Robert McNamara, den amerikanske forsvarsministeren, i Oslo. Vi i Gyldendal gav ut boka hans om atomtrugsmålet. Ein kveld under Cubakrisa skulle han tilbake til forsvarsdepartementet etter eit møte i Det kvite huset. Det var ein vakker kveld under ein klår himmel. Han stod og venta på bilen. Ein tanke fór gjennom hovudet hans, fortalde han: Dette er kanskje min siste kveld i livet.
I sentrum av dramatikken stod den amerikanske presidenten John F. Kennedy og den sovjetiske leiaren Nikita Khrusjtsjov, på kvar si side.
Året etter vart president Kennedy skoten i Dallas, i bilen der han sat saman med kona si, Jacqueline.
Lyndon B. Johnson overtok som president og flytta inn i Det kvite huset, og Jacqueline måtte då flytte ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.