Frå matfatet

Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.

Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Publisert

Når er det vi nordmenn kjenner oss tøffast, stautast, ja, aller mest som ekte vikingar? Er det når vi ravar rundt i framande gater med vikinghjelm på, feirande at vi har tatt nok eit idrettsgull, noko ingen andre enn nordmennene får med seg? Er det når vi i eit knapt sekund byter ut varm badstove med kaldt fjordvatn, ein tradisjon vi openbert har henta frå finnane? Eller er det når vi med den største sjølvfylgje – og godt med alkohol – mumsar i oss eit salta, kanskje røykt, men heilt sikkert ihelkokt saueauge?

Eg held ein knapp – eller kanskje, i augneblinken, eit auge – på det siste. Dei innvigde et sjølvsagt auget fyrst når dei et sauehovud, medan augefeittet er varmt. Men vi gjev oss ikkje der – vi gomlar oss vidare gjennom tunge og kjakar, før vi avsluttar måltidet med å suge på sauetennene. Vi veit skilnaden på skoltar, dei flådde hovuda som berre er salta, og smalahove, der hovudet har fått behalde huda på, men er røykt i tillegg til spekt. Og så kjenner vi oss skikkeleg urnorske. Urbarske. Eine og aleine på toppen av verda.

OK, kanskje vi kan dele tradisjonen med islendingane. Smalahovevarianten deira, svid, kjem trass alt frå same tradisjon, og også dei lyt få kalle seg vikingar, men der stoppar det. Dette kan det då ikkje vere nokon andre i verda som er tøffe nok til å prøve seg på?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement