Sjokoladepulver

Kampen mellom – eller mot – kjempene.

Sjokoladepulver som klumpar seg – så eksklusivt som det vart førre veke.
Sjokoladepulver som klumpar seg – så eksklusivt som det vart førre veke.
Publisert

Så har det skjedd: Midt i valkampen har krisa ramma Sverige. «Sverige skakas av en O’boy-kris», skriv nettavisa Mitt i Stockholm, og dei er ikkje aleine. Sjølv i Noreg vert det skrive om O’boy-mangelen og korleis han kjem hit. Til oss.

Medan eg skriv dette ligg det 15 annonsar for O’boy ute på Finn.no. Den dyraste kostar nærare 5000 kroner. Det er nok mest truleg ein spøk.

For det er lov å le. Det er truleg det luraste ein kan gjere. Mangelen kjem ikkje av råvaremangel eller streik ved fabrikken på grunn av umenneskelege arbeidsforhold eller noko anna verdt å hisse seg opp over. Produsenten Mondelez i Sverige har rett og slett skulla installere ei ny produksjonslinje, men monteringa har tatt litt lengre tid enn venta. Når du les dette, er maskinene mest truleg oppe og går att, og nye O’boy-boksar er på veg til butikkhyllene før du veit ordet av det.

Reell skilnad

For mange kan det sjå ut som om mangelen på O’boy i butikkhyllene er eit reelt problem. Ifylgje produsenten sjølv vert det drukke to millionar glas O’boy kvar dag. Og har du fyrst tatt valet mellom O’boy og Nesquick, går du liksom ikkje attende på det.

Det er nemleg skilnad på O’boy og Nesquick: Nesquick inneheld meir kakao (20 mot 8 prosent) og er lettare å røre ut i kald mjølk enn O’boy. Men O’boy har mildare smak. Nesquick er dessutan produsert av den globale matgiganten Nestlé og er lik over heile verda, medan O’boy jo er ein lokal – eller i det minste nordisk – variant. Og slikt lokalt mangfald bør vi jo støtte?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement