Sjokolademjølk
At «best» er subjektivt, er ikkje noko nytt. At «fersk» er nærast det same, er litt verre.
Vert vi verkeleg for gamle til dette?
Illustrasjon: pixnio.com
Kva tid vert ein eigentleg for gamal til å drikke sjokolademjølk? Er det idet ein står til konfirmasjon? Men ein kartong søt mjølk er då veldig godt fylgje til småtrøytte spansktimar på vidaregåande – og kva med bakfullmorgonane i russetida? Er det ikkje minst ein og annan lysebrun kartong å sjå på eksamensstressa lesesalar kringom på universitet og høgskular for tida, skal tru? Kan ein kanskje til og med finn dei i doktorgradsavdelingane?
Nei, sjølv om sjokolademjølk fyrst og fremst vert marknadsført mot born, vert det tøysete å sette ei øvre aldersgrense for drikken. Derimot kan vi sette spørsmål ved namnet han har fått: Sjokolade er jo ikkje eit råstoff, men eit produkt av kakao, sukker og kakaosmør. Kakao kjem frå frøa i frukta på kakaotreet. Det same gjer kakaosmøret – i det kakaobønnene vert pressa, skil feittet seg ut. Kakaosmør er altså eit biprodukt av kakaoproduksjon. Og det er kakao vi brukar når vi lagar sjokolademjølk, som altså eigentleg er kakaomjølk.
Nok om det. Kakao og mjølk smakar godt, og sjokolademjølk er å få kjøpt ferdig i ei rekke ulike variantar i daglegvarebutikkane våre. Kva for ein skal vi velje?
Udefinert fersk
Kvifor ikkje gå rett til han som sjølv hevdar å vere «Norges beste»? Bak tittelen står Q Fersk Sjokolademelk – «den eneste ferske sjokolademelken på markedet».
Det høyrest jo bra ut. Men så er det det ordet. Fersk. Kva tyder eigentleg det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.