JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sjokolademjølk

At «best» er subjektivt, er ikkje noko nytt. At «fersk» er nærast det same, er litt verre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vert vi verkeleg for gamle til dette?

Vert vi verkeleg for gamle til dette?

Illustrasjon: pixnio.com

Vert vi verkeleg for gamle til dette?

Vert vi verkeleg for gamle til dette?

Illustrasjon: pixnio.com

4177
20190524
4177
20190524

Kva tid vert ein eigentleg for gamal til å drikke sjokolademjølk? Er det idet ein står til konfirmasjon? Men ein kartong søt mjølk er då veldig godt fylgje til småtrøytte spansktimar på vidaregåande – og kva med bakfullmorgonane i russetida? Er det ikkje minst ein og annan lysebrun kartong å sjå på eksamensstressa lesesalar kringom på universitet og høgskular for tida, skal tru? Kan ein kanskje til og med finn dei i doktorgradsavdelingane?

Nei, sjølv om sjokolademjølk fyrst og fremst vert marknadsført mot born, vert det tøysete å sette ei øvre aldersgrense for drikken. Derimot kan vi sette spørsmål ved namnet han har fått: Sjokolade er jo ikkje eit råstoff, men eit produkt av kakao, sukker og kakaosmør. Kakao kjem frå frøa i frukta på kakaotreet. Det same gjer kakaosmøret – i det kakaobønnene vert pressa, skil feittet seg ut. Kakaosmør er altså eit biprodukt av kakaoproduksjon. Og det er kakao vi brukar når vi lagar sjokolademjølk, som altså eigentleg er kakaomjølk.

Nok om det. Kakao og mjølk smakar godt, og sjokolademjølk er å få kjøpt ferdig i ei rekke ulike variantar i daglegvarebutikkane våre. Kva for ein skal vi velje?

Udefinert fersk

Kvifor ikkje gå rett til han som sjølv hevdar å vere «Norges beste»? Bak tittelen står Q Fersk Sjokolademelk – «den eneste ferske sjokolademelken på markedet».

Det høyrest jo bra ut. Men så er det det ordet. Fersk. Kva tyder eigentleg det?

Ordet fersk er ikkje juridisk definert eller bindande på nokon måte. I Mattilsynets «Veiledning om god opplysningspraksis» står det rett og slett: «Ordet fersk brukt på mat har ingen klart definert betydning.» Likevel står det eit par avsnitt lenger ned: «Hvis dere (produsenten, red.anm.) velger å kalle et produkt «ferskt» (...) eller lignende, bør det ikke ha lang holdbarhet.»

Truleg er det dette Q-meieria har tatt utgangspunkt i – sjokolademjølka deira skil seg nemleg frå andre sjokolademjølker ved at ho ikkje er ultrapasteurisert.

Å ultrapasteurisere vil seie å varme opp mjølka til 130–145 grader. Men det går jo ikkje, seier du kanskje, mjølka er jo mestedels vatn som kokar og fordampar alt ved 100 grader. Og det har du rett i, men ultrapasteurisering går føre seg under trykk, og då går det an. I tillegg treng ein ikkje halde temperaturen i meir enn nokre få sekund for å få det ein kan definere som steril mjølk. Denne mjølka går så rett på ein like steril behaldar – og vips har ein mjølk som kan halde seg ganske så lenge sjølv i romtemperatur.

Utydeleg test

I land som ikkje har like god fjøshygiene og er like glade i å drikke fersk mjølk som Noreg, er dette standard. Men denne handsaminga fjernar mykje av dei gode smakane i mjølka og har difor ikkje vorte vanleg her til lands – i anna enn sjokolademjølk. Truleg har tanken vore at sidan ein set til sukker og mjølk, spelar det mindre rolle kva mjølka smaker.

Igjen kan nok produsentane – i hovudsak Tine, som er Qs hovudkonkurrent – ha rett i det. Ei mindre rolle. Men ikkje inga rolle – mjølka medverkar jo framleis til smaken.

Så. Har Q rett i at dei lagar Noregs beste sjokolademjølk? I lita skrift står det om utsegna: «Best fordi den er fersk. Alt om smak, 214 pers, 14–34 år. Januar 2019.» Ut frå nettsidene til Q-meieria forstår eg det som at Alt om smak er eit analysebyrå. Eg finn likevel ikkje dette analysebyrået nokon annan stad, verken i Brønnøysundregisteret eller elles på internettet. Den vesle informasjonen seier meg ikkje kva andre sjokolademjølkvariantar testpanelet har smakt på – eg vert òg litt usikker på kva «Best fordi den er fersk» eigentleg tyder.

Det er derimot lett å finne testar på internett som seier at andre sjokolademjølker er betre enn Q si. Det finst ein test for om lag kvar einaste sjokolademjølk der ute. Så til sjuande og sist vert det gjerne opp til kvar og ein – når det gjeld innhald, er dei alle temmeleg like.

Sjølv føretrekker eg dei små boksane sjokolademjølk frå Tine. Dei med sugerøyr. Nett slik som då eg var lita. Større treng eg ikkje verte med det fyrste.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ordet «fersk» er ikkje

juridisk definert eller

bindande på nokon

måte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis