Sitronbrus

Eit godt namn har aldri vore nok til å sløkke tørsten.

Dette er nærare sitron og lime enn det meste av sitron- og limebrus nokon gong kjem.
Dette er nærare sitron og lime enn det meste av sitron- og limebrus nokon gong kjem.
Publisert

Kva er ei matvare? Å finne ein presis definisjon syner seg vanskelegare enn ein skulle tru. I Store medisinske leksikon skriv Birger Svihus: «Det finnes flere tusen forskjellige matvarer. Av denne grunn deles matvarene ofte inn i kategorier.» Han skriv ikkje noko om kva som skal til for at ei matvare vert ei matvare.

Men matvarer er i alle høve for sal i ein butikk, noko som gjer dei til produkt, og eit produkt er lettare å definere: Store norske leksikon (SNL) seier at det er «resultatet eller uttaket av en produksjon». Ordet vert nytta både om den konkrete vara eller tenesta, og om verdien som har vorte skapt i produksjonen: tilarbeidingsverdien, som svarar til verdien av produktet minus verdien av innsatsfaktorane.

Så er mange av dei merkevarer. Og ei merkevare er noko som vert selt under «et innregistrert eller innarbeidet varmerke», ifylgje SNL. Eit varmerke er vidare eit «identifiserbart og rettsbeskyttet kjennetegn ved en virksomhets produkt».

Supervaremerket

Coca-Cola, til dømes. Coca-Cola må kunne seiast å vere eit supervaremerke – det er ikkje mange menneske i verda som ikkje kjenner til den raude logoen. Det same gjeld brusvariantane deira som ikkje er mørkebrune: Urge, Fanta og Sprite.

At Sprite ikkje er for kven som helst, har den vesle brusprodusenten O. Mathisen verkeleg fått merke. I februar lanserte dei sitronbrusen JallaSprite. Eit drygt halvår seinare banka Coca-Cola på døra – bruken av namnet Sprite vart ikkje akseptert, og ville ende i søksmål.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement