Sild
Få råvarer har større hurtigmatpotensial enn havets sølv.
Steikt sild er god middag. Så kvifor et vi det så sjeldan?
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Nett no, sånn kring siste halvdel av juni, er nordsjøsilda på sitt finaste. Diverre er det ikkje berre berre å finne henne – verken i butikken eller på havet.
Slik er det diverre i Noreg. Særleg med fisk. Av alle dei 2.478.000 tonna fisk norske båtar leverer, er det ikkje store utvalet vi finn i butikken. Kva tid såg du sist raudspette i noka anna form enn fylt frå Findus i butikken, til dømes? Eller kva med alle dei andre flyndresortane som flabbar seg rundt der ute i havet, og som ikkje er mindre enn ei delikatesse heilstekt i panna med mykje smør og kvitlauk? Kor mange daglegvarebutikkar sel den ypparlege steikefisken lyr, og kor mange gonger i året et vi salta brosme med kvit saus og gulrot?
Døma er tragisk mange, men no var det altså sild vi skulle snakke om. Det fyrste vi skal ta oss tid til å lære oss, er at det finst fleire sortar sild: Den sorten som vert fanga om hausten og vinteren, er NVG-silda – der NVG står for norsk vårgytande. Silda slepp altså egga sine tidleg på våren, nærare bestemt i februar og mars, og rett før ho gyter, er ho på sit feitaste – difor er det då vi fiskar på henne. Det same er tilfellet for nordsjøsilda: Ho gyter stort på seinsommar og tidleg haust. Altså er ho på sitt feitaste og finaste nett no, i desse tider.
Sildas mange sider
Så feit og fin er silda at det at ho i så liten grad vert send vidare til butikkar, er ein aldri så liten skandale. Sild er nemleg akkurat så sunt som vi alltid har fått høyre: Feittet er det beste feittet vi får, proteina står i kø og vitamin D-innhaldet er såpass høgt at mangelnivået på dette solvitaminet er mindre etter ei silderik jul enn i adventstida. Mellom anna.
I tillegg er bruksmåtane nærast like talrike som arten sjølv: Sild er ei råvare som kan nyttast fersk, til dømes steikt, men ho kan òg foredlast og vidareforedlast – fyrst til spekesild, så til kryddersild, så til rømmesild eller tørka og røykt sild – eller kva med den nederlandske kvardagsdelikatessa matjesild, ei norskfanga nordsjøsild som er spekt så lett og modna så godt at ho er mjuk som smør, og som nederlendarar kjøper i salsbuer på gata?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.