JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sennep

Rosina til pølsa er ein kjemisk reaksjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elg i sennepsåker, for anledninga.

Elg i sennepsåker, for anledninga.

Foto: Joshua Schrecengost/Wikimedia Commons

3799
20180601
3799
20180601

Det er vel ikkje til å kome unna: I tida framover skal det etast ein god del pølser. Kanskje har det vore ete ein del allereie, med 17. mai og dugnad i burettslaget og klassefest for midtersten og så bortetter. Det er desse offentlege fellesgrillingane som ofte er bøygen – då pengar er sparte på dei billegaste pølsene i dei slappaste brøda.

Kva er det då som kan redde dagen? Sånn bortsett frå store mengder øl, meiner eg, men det er jo ikkje alltid tilgjengeleg? Jau, ein god, sterk sennep, så klart.

For ein god sennep er jo ein sterk sennep, er han ikkje? Tydelegvis ikkje for alle. Stadig vekk vert eg skuffa av flasker med søtsupper utan eit einaste fråspark.

No skal det seiast at det (nesten) ikkje finst noko som heiter rett og feil i sennepsverda. Tvert om fins det mykje som heiter smak og behag, noko som heiter enzym og noko som heiter pH-verdi. For det same sennepsfrøet kan både brenne skikkeleg bra og ikkje i det heile – alt etter kva ingrediensar det har med seg i sennepsglaset.

Til kjemisettet

Sennep er heller ikkje berre sennep. Sennep er ei heil planteslekt i korsblomfamilien, altså er han i slekt med blomkål og raps og peparrot og slikt. Det gjev jo litt meining: Det sterke i sennep minner litt om det sterke i peparrot. I staden for å springe nedover i halsen, slik chilien gjer, kryp styrken oppover i nasen. Der kan han godt finne på å slå seg til ro litt, men ikkje på langt nær så lenge som styrkemotstandaren chili kan gjere.

Så er heller ikkje sprengstoffa i chili og sennep av same slaget. I chili er det rett og slett stoffet capsaicin som gjev styrke. I sennepen er det ikkje like enkelt:

Stoffet vi opplever som sterkt, er Allyl isothiocyanat (AITC). Men om du plukkar opp eit heilt sennepsfrø, vil du ikkje finne eit gram AITC i det. Fyrst må du putte sennepsfrøet i vatn. Då startar ein kjemisk reaksjon inne i frøet: Enzymet myrosinase reagerer med dei organiske komponentane glukosinolat eller sennepsoljeglykosid. Herifrå kjem sterk smak. Plantene sjølve brukar AITC-reaksjonen som insektsmiddel – for å skremme frå seg skadedyr.

Kor mykje AITC som vert produsert, kjem an på frøet: Svarte sennepsfrø vert sterkare enn gule. Og om du i staden for å putte frøa i reint vatn puttar dei i ei syre – til dømes ein eddik – går den kjemiske reaksjonen saktare, noko som fører til ein svakare, men lenger styrkegrad. Ein sennep laga på vatn vil derimot vere kjempesterk i berre ein augneblink.

Og så kan ein blande seg litt fram: Den franske Dijon-varianten er til dømes laga med druejuice i staden for eddik. Juice har litt høgare pH-verdi, og sennepen vert for mange ein bokstavleg tala gylden middelveg.

46 prosent sukker

Sånn, då veit vi det, og vi kan vende attende til pølsekvardagane våre. Var det nokon som merka seg ein aldri så liten parentes litt høgare oppe i teksten? Han er der av ei årsak. For eg har merka meg at vi stadig vekk er merksame på sukkerinnhaldet i ketsjup. At det ikkje skal vere så høgt, altså. Men sukkerinnhaldet i sennep bryr vi oss ikkje like mykje om. Litt rart, kanskje, sidan den sennepen som har høgast sukkerinnhald, inneheld dobbelt så mykje sukker som ein gjennomsnittleg ketsjup: I Iduns miniflaske med pølsesennep er det 45 prosent sukker. Fire gongar meir enn i den vaksne flaska med pølsesennep, som inneheld berre 12 gram. Likevel er han ikkje versting: Bergbys Søt pølsesennep kryp enno høgare opp mot halvpartsmerket med sine 46 gram sukker per 100. Det er altså omlag dobbelt så mykje som i eit gjennomsnittleg syltetøyglas.

Då meiner eg vi er godt utanfor kva som er akseptabelt sukkerinnhald sjølv i den vide og breie sennepsverda. Særleg når det er så enkelt å bruke berre ein fjerdepart.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein god sennep er jo

ein sterk sennep,

er han ikkje?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis