Sau

Vi må ete meir sau, men marknaden klarar nok ikkje dette aleine.

Sau på lager har vi hatt før, men det bør ikkje verte nokon vane.
Sau på lager har vi hatt før, men det bør ikkje verte nokon vane.
Publisert

Kva skal til for å sjokkere ein internasjonalt kjend fantasyskodespelar? 10 millionar sauekjøtmiddagar stabla opp i blå plastsekkar på eit fryselager var tydelegvis det som skulle til.

Bileta i fyrste episode av NRK-serien Matsjokket, som framover skal ta for seg det skjulte, norske matsvinnet, var det vi kallar sterke: Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju ser både fortvila og forvirra ut der dei vandrar mellom hylle på hylle på hylle med frose, ein gong velsmakande sauekjøt som Nortura ikkje får selt. Kjøt som har lege der så lenge at det snart ikkje er salbart lenger.

Og meir kjem det: No, midt i lammesesongen, vert det òg slakta ein god del sauer. Dei som ikkje skal vere med neste år, og ikkje sleppast med vêren i desember, vert sende til slakt før innefôringssesongen. Seinare vil dei som har gått med vêr, men ikkje tatt lam, bli sende til slakt. Slik er det: Vil vi ha lammekjøt, må vi òg handtere kjøt av sau.

Kva skal vi gjere med all denne sauen?

Spleiselag

Sauen som ligg innfrosen på lager, må openbert etast opp, og der er NRK inne på noko: Vi forbrukarar må få vite at han finst, og våge å smake på han. For å få det til må daglegvarekjedene selje han. I tillegg må Nortura og andre produsentar lage produkt av han. Eit godt, gamalt spleiselag, med andre ord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement