Sau

Det er ikkje lett å vere vill i eit tamt byråkrati.

I Noreg er den dominerande kommersielle sauerasen norsk kvit sau (NKS).
I Noreg er den dominerande kommersielle sauerasen norsk kvit sau (NKS).
Publisert

Kva er ein sau? Eit ålreit dyr? Ein besteven, mat på bordet, varme sokkar, landskapspleiar, ulvemat, konfliktskapar, bjølleterrorist? Eller litt av alt dette og så mykje meir? Ein sau er ikkje berre ein sau. Mellom anna fordi det finst så mange ulike sauer.

I Noreg er den dominerande, kommersielle sauerasen norsk kvit sau (NKS). 70 prosent av dei 385.543 vaksne søyene som var melde inn i Sauekontrollen i 2017, var NKS-søyer. Ho fekk i snitt 2,17 lam med ei gjennomsnittleg haustvekt på 44,9 kilo, og ho vert somme tider kritisert for å ha for dårlege instinkt i møte med rovdyr.

Sjølv om NKS har sine avgrensingar, er det liten tvil om at Noreg er tent med å halde seg med rasen. Men det er like liten tvil om at NKS aleine ikkje klarer alle landets saueoppgåver.

Heia mangfald

Eit genetisk tilskot er den gamalnorske sauen. Du kjenner han nok betre som villsau, men det er i røynda eit merkenamn på eit produkt. Rasen heiter gamalnorsk sau. Han er liten, langbeint og finst i alle fargar du kan tenke deg – og nokre til. I motsetnad til NKS har dei flokkinstinktet så til dei grader intakt: Kjem du litt for fort på ein gjeng NKS-sauer på beite, kan dei springe i alle retningar. Gjer du det same med ein gjeng gamalnorsk sau, vil dei samle seg i ein tett flokk.

Ein annan eigenskap som skil gamalnorsk sau frå NKS, er evna dei har til å beite heile året. Der NKS er ein generalisert sau som kan puttast inn dei fleste stader så lenge vi samstundes puttar i han fôr vi har hausta, er gamalnorsk sau spesialist på eit landskap: kystlyngheia. Ei kystlynghei er eit økosystem med eit mangfald av artar, men der ulike variantar av lyng dominerer. Og lyng skil seg på si side frå dei fleste andre artar i norsk fauna ved at han ikkje mister næringsverdi om vinteren. Dette veit den gamalnorske sauen. Difor et han lyng om vinteren og alle dei andre vekstane i sommarhalvåret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement