Frå matfatet
Sau
Mor må settast pris på, ho òg.
Mor og born: Lamma er mest verdsette, men kanskje smakar mor like godt, og kva skulle vi gjort utan henne?
Foto: Paul Kleiven / NTB
Det er fleire gode ting med at sommaren er over. Knotten og kleggen forsvinn, hjortejakta byrjar, og – ikkje minst – sauer og lam kjem heim frå fjellbeitet og set i gang den beste kjøtsesongen året kan by på.
Eg er glad i kjøt. Det er ikkje til å kome unna – eg vert svolten av baconlukt, lagar gjerne tartar av hjortefilet og kan putte ein godt marmorert entrecote ganske høgt opp på favorittmatlista.
Entrecoten kjem likevel ikkje i nærleiken av det kjøtet som no kjem heim frå fjell og vidder. For meg er det ingen over, ingen ved sida: Om det no er lammekotelettar steikte kjapt i panna, fårikål kokt i mangfaldige timar på komfyren eller pinnekjøt fyrst varsamt salta, så godt hengemodna og til slutt kraftig kokt. Eg veit ikkje kva det er, men eg er seld, med feitt og alt. Ja, særleg med feitt, for er ikkje det det aller beste med kjøt frå sau – at feittet smakar så sabla godt?
Det einaste problemet eg har med favorittkjøtet mitt, er kva eg eigentleg skal kalle det. Den merksame lesaren har kanskje lagt merke til at eg vekslar mellom sauekjøt og lammekjøt i avsnittet over. For meg er det nemleg to sider av same sak – skal vi få lam, må vi ha sauer, og dei må slaktast iblant, dei òg, elles ville dei døy av langt meir smertefulle naturlege årsaker, og vi ville ikkje få nyttiggjere oss av dei.
Matsjokket
I marknaden elles er det ikkje heilt slik. Når eg no, i starten på høgsesongen, søker på lam i produktoversikta til daglegvarekjedene, får eg minst 50 treff hjå kvar. Når eg derimot søker på sau, får eg òg mange treff – men dei referer utelukkande til saus, ikkje til kjøtet eg var på leiting etter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.