Sau får lam

Sauen hadde stått støare på eigne bein om jorda han står på, fekk statsstønaden i staden for han.

Dalasau med to lam.
Dalasau med to lam.
Publisert

Dei fleste av oss veit at sauekjøt skal trekke, ikkje koke, om det skal verte god fårikål til slutt. Likevel har det koka i sauenæringa i heile haust. Bøndene kokar over å få betalt latterlege fem øre kiloet for sauekjøtet alle tilsynelatande vil ha, men ingen får tak i. For samstundes kokar forbrukarar over å ikkje finne nett den stykningsdelen av nett den årsklassen dei vil ha i butikken på hjørnet. Tilsynelatande auka etterspurnad er ikkje nok: Nortura lyt lufte overfylte fryselager ved å selje til innkjøparar som sel 440 tonn sauekjøt vidare ut av landet. 100 av dei heilt til Afghanistan.

Sistnemnde punkt har fått landbruks- og matministeren til å reagere. Jon Georg Dale (Frp) ville ikkje ha tillate eksport av subsidiert sauekjøt til Afghanistan, og han bed Omsetningsrådet vurdere om subsidiane bør trekkast attende og om ordninga i seg sjølv fungerer som ho skal.

Årsaka til at kjøtet har vorte så billeg at det har vorte eksportert, er at overproduksjonen har utløyst omsetjingsavgift – ei avgift bøndene sjølv betaler. Spørsmåla er likevel berre sminke på omvegen. I staden for å spørje korleis overprodusert subsidiert sau hamnar i Afghanistan, burde vi spørje kvifor vi subsidierer sau i utgangspunktet.

Frå produkt til areal

I gjeldande jordbruksavtale aukar tilskotet per vinterfôra sau med 50 kroner for dei fyrste 100 sauene. I tillegg får bønder eit såkalla «kvalitetstilskot» på 500 kroner per lam dei leverer til slakt dersom lammet har slakteklasse O eller betre. Det er dobbelt så mykje som i 2016, då dette tilskotet var på 250 kroner. I tillegg kjem distriktstilskotet som vert betalt per kilo produsert: Alt etter kor grisgrendt du bur, kan du her hente ut mellom 0 (sentrale Austlandet, Jæren og sentrale Trøndelag) til 13,30 (Nordland og sørlege Troms) kroner per kilo kjøt du leverer til slakteriet.

Med andre ord: Det løner seg å stappe fjøsa fulle. Og kva får sauene å ete? Sauenæringa fører ikkje like god statistikk som kubransjen gjer, men i 2005 var 87 prosent av sauene våre på utmarksbeite. No tar 85 prosent turen. Fleire sauer totalt tyder endå fleire sauer som ikkje kjem seg til fjells.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement