JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sau

Vi må ete meir sau, men marknaden klarar nok ikkje dette aleine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sau på lager har vi hatt før, men det bør ikkje verte nokon vane.

Foto: NTB scanpix

4320
20191108
4320
20191108

Kva skal til for å sjokkere ein internasjonalt kjend fantasyskodespelar? 10 millionar sauekjøtmiddagar stabla opp i blå plastsekkar på eit fryselager var tydelegvis det som skulle til.

Bileta i fyrste episode av NRK-serien Matsjokket, som framover skal ta for seg det skjulte, norske matsvinnet, var det vi kallar sterke: Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju ser både fortvila og forvirra ut der dei vandrar mellom hylle på hylle på hylle med frose, ein gong velsmakande sauekjøt som Nortura ikkje får selt. Kjøt som har lege der så lenge at det snart ikkje er salbart lenger.

Og meir kjem det: No, midt i lammesesongen, vert det òg slakta ein god del sauer. Dei som ikkje skal vere med neste år, og ikkje sleppast med vêren i desember, vert sende til slakt før innefôringssesongen. Seinare vil dei som har gått med vêr, men ikkje tatt lam, bli sende til slakt. Slik er det: Vil vi ha lammekjøt, må vi òg handtere kjøt av sau.

Kva skal vi gjere med all denne sauen?

Spleiselag

Sauen som ligg innfrosen på lager, må openbert etast opp, og der er NRK inne på noko: Vi forbrukarar må få vite at han finst, og våge å smake på han. For å få det til må daglegvarekjedene selje han. I tillegg må Nortura og andre produsentar lage produkt av han. Eit godt, gamalt spleiselag, med andre ord.

Men samstundes må vi sørge for at vi ikkje hamnar i same situasjon igjen, og der må det større grep til: At det til tider på året er sauekjøt på frys, er ikkje noko problem. Problemet oppstår når det vert liggande lenger enn produksjonssyklusen, som i dette tilfellet er eitt år. Då har vi overproduksjon. Det har vi no på sauekjøt. Marknadsregulator Nortura reknar med at vi i 2020 kjem til å ha eit overskot på sauekjøt på 300 tonn i tillegg til det reguleringslageret vi alt har.

Då må vi byrje å sjå på strukturelle grep. Vi må sjå sau og lam i samanheng, slik eg trass alt trur dei fleste forbrukarar gjer: Om nokon rynkar på nasen av sauebiff (før dei har smakt), trur eg dei færraste ville stussa over fenalår av sau. Endå mindre over sauekjøt i fårepølsa, vossakurven og andre foredla produkt.

Vi må sjå på importen av lammekjøt: Sjølv om vi har både sau og lam på lager, er det venta at vi importerer over 850 tonn av nett det same kjøtet i 2019.

Sidan importen er regulert gjennom WTO, er det ikkje så enkelt å kutte han ut som det kanskje kan høyrast ut. Det inneber ikkje at det er umogleg, men at politikarar må vilje det: «Noen ting (...) tror jeg vi alle burde vært enige om, for eksempel å redusere matsvinn», sa til dømes Erna Solberg frå talarstolen på Stortinget i fjor. Då ber ho kanskje Torbjørn Røe Isaksen ha det i tankane når han tingar og skriv under frihandelsavtalar framover?

Kvalitetstilskotet

Medan vi ventar, kan vi sjå på kor mykje sau vi sjølve produserer – og korleis. Vi kan byrje med å slutte å importere overskot: Sau klarer seg i stor grad utan kraftfôr, og det kraftfôret han treng kring lamminga, bør vi klare å produsere på norske overskotsråvarer. Å gje mindre kraftfôr fører og til lågare lammetal og ein reduksjon i produksjonen.

Men skal vi halde fram å ha sauebønder, kan ikkje bøndene ta dei økonomiske følgjene av senka produksjon. Då går dei konkurs. Det treng likevel ikkje innebere at sauekjøt må verte dyrare i butikken: Sau er den delen av norsk landbruk som får størstedelen av inntekta si frå statsbudsjettet. Den støtta kan vi vri.

Sau og lam gjer mykje viktig arbeid for Noreg gjennom å beite og lage mat der ingen andre klarar det. Det vi då må sørge for, er at det er det han held fram med å gjere. Då kan vi mellom anna slutte å betale ut grunntilskot og distriktstilskot til sauebøndene per kilo kjøt dei leverer, men i staden ut frå arealet dei beitar ned.

Inn i den potten kan vi putte det såkalla «kvalitetstilskotet» på 450 kroner per lam bonden leverer som scorar O+ eller betre på EUROP-skalaen: Dette tilskotet kan utgjere så mykje som halvparten av kjøtprisen til bonden per slakt. Kor skadeleg ei slik kunstig kvalitetsgrense er – ei grense som er sett heilt utan respekt for korleis norsk beitelandskap ser ut – ser vi tydeleg på fjernsynet for tida. Det er eit bilete verken sauer, sauebønder, politikarar, næringsliv eller du og eg er tente med.

 Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sau klarer seg i stor

grad utan kraftfôr.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis