Salte kjeks

Av og til er det enkelt å velje rett.

Ost, kjeks og noko småsøtt. Best utan dårleg samvet.
Ost, kjeks og noko småsøtt. Best utan dårleg samvet.
Publisert

Jula er over. Det same er valentinsdagen og morsdagen, og det er enno lenge til påske. Kva skal daglegvarebutikkane fylle denne daudsona med?

Vel, på min lokale Rema 1000 nyttar dei høvet til å selje salte kjeks. Ein heil vegg med Ritz-kjeks møtte meg idet eg kom inn på butikken her ein dag. Og det er vel ikkje det dummaste dei kunne gjere? Eg meiner – kjeks, ost og vin er vel fort nett det som skal til for å lyse opp ein tung seinvinterkveld?

Likevel er det noko litt merkeleg med at nett Rema 1000 vel å spreie nett desse kjeksa utover ein såpass stor del av butikken. Kvifor? Ritz-kjeks inneheld palmeolje. Og googlar vi «Rema 1000 palmeolje» får vi ei heil rekke treff med titlar som «Palmeoljefritt sortiment hos Rema 1000» og «Hvorfor fjerner Rema 1000 palmeoljen?». Treffa er frå perioden 2014 frå 2017.

Kva har skjedd? Har Rema ombestemt seg? Er ikkje palmeolje noko å uroe seg over lenger?

Palmeproblemet

For å svare på det byrjar vi med eit kjapt blikk på nettopp palmeoljen. Oljen kjem frå fruktene på oljepalmen, eit tropisk tre som kan verte opp til 30 meter høgt. Treet er skikkeleg produktivt: Fruktene frå ein palme kan vege opp til 50 kilo. Fruktene er sett saman av stein og fruktkjøt, begge deler fulle av feittstoff. Frå fruktkjøtet får vi palmefeitt vi kan bruke i lys, smurning eller matvarer. Men meir verd er oljen som vert vunnen ut av kjernane i palmefrukta: palmeolje eller palmekjernefeitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement