Mat

Salat med smak

Salat med fetaost.
Publisert Sist oppdatert

Eg har tidlegare i denne spalta innrømt at eg ikkje er nokon stor elskar av heilgrøne salatar. Eg trur nok eg har dette til felles med mange som voks opp med den grufulle kombinasjonen «kinakål med Thousand Island-dressing», som reid nasjonen som ei mare frå sytti- og langt inn på nittitalet. Same kor du stod og gjekk, fekk du det spetakkelet servert som tiltugg.

Det var liksom det grøne alibiet. Seinare vart det endå verre, då tidsånda bestemte seg for at ein skulle putte balsamicoeddik i alt. Me vart traumatiserte, i alle fall eg. Faktisk har eg ei balsamicoflaske frå nittitalet ståande i skapet enno. Eg får vel snart våge meg til å smake på han og sjekke om det har blitt noka forandring.

No for tida, når eg kan kalle meg vaksen, lagar eg faktisk gjerne ein salat, då helst til middag. Som tilbehøyr til kjøt synest eg framleis ikkje grøn salat er godt eller passande, og særlig fordi både folk og fe har ein tendens til å putte eddik på han, og utan dressing smaker jo salaten i min munn berre gras.

Det blir ofte litt surt for meg med eddik, for den skal du bruke svært varsamt. Eg føretrekkjer heller sitron eller lime om det skal vere syre. Nyleg spanderte eg på meg ein entrecôte på sjølvaste Theatercafeen, men lét den grøne salaten stå etter å ha smakt ein einaste liten eddiksprengd bit.

Men no til saka: Kva med salat til middag? Då må det i så fall vere nokre smakfulle protein med i biletet. Fisk, skaldyr, egg, ost, kjøt – ein av delane må vere med om eg skal like det, og framfor alt: bli mett av middagen.

Salade Niçoise er framifrå, med tunfisk, egg, tomat, agurk, kapers, ansjos, oliven og aspargesbønner. Lagar eg det, dristar eg meg til å gjere som dei lokale i Nice, altså lagar eg ein fransk vinaigrette. Men då berre med ei lita teskei kvitvinseddik, pluss ei teskei dijonsennep, ein desiliter jomfruolivenolje, salt, pepar og eit fedd knust kvitlauk. Rist alt saman i eit lite glas med lok.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement