Matmonsen
Redd planeten – dropp salaten
VATN PÅ VATN: Salat er ernæringsmessig heilt verdilaust, og han smaker dessutan vondt, skriv Dagfinn Nordbø.
Foto: Frank May / NTB scanpix
Lat meg innrømme det først som sist: Eg liker ikkje salat. Eg forstår ikkje heilt meininga med salat. Kvar gong eg er invitert på middag og vertskapet sender rundt ein salatbolle så stor som eit Jacuzzi-badekar, forsyner eg meg pliktskuldig med eit ørlite blad. Smakslaukane mine vrir seg, og det er som om heile organismen veit at dei grøne sakene ikkje er godt for noko som helst, og dei smaker då heller ikkje noko som helst. Eller jo, dei smaker gras, men sidan eg ikkje er drøvtyggar, har eg sjeldan gras på menyen. Eg har kort og godt ikkje mange nok magesekkar. Vil eg ha noko grønt i maten, er ruccola og spinat akseptabelt. Kva er det som gjer at folk dyttar i seg salat, som ernæringsmessig er heilt verdilaust?
Fullstendig klar over at dette er ein smule politisk ukorrekt, blei eg svært lykkeleg då eg for nokre år sidan kom over ein artikkel som støttar synet mitt fullt og heilt: Matskribenten Tamar Haspels artikkel i Washington Post under tittelen «Why salad is so overrated» («Difor er salat så overvurdert»). Her peiker Haspel mellom anna på den låge ernæringsverdien og at salaten blir frakta jorda rundt, krev masse vatn og må kjølast ned, og ofte blir kasta. Matsvinnet med salat er så enormt at ordet versting er på sin plass. Dei som masar om kjøt i diskusjonar om berekraftig matproduksjon, bør verkeleg ta ein titt på salaten dei et. Så eg stemmer i med Haspel frå artikkelen hennar: Save the planet – drop the salad.
Som nemnt er salat ernæringsmessig så godt som verdilaust. Haspels formulering er så morosam at eg gjev henne att: Eit salathovud inneheld like mykje vatn som ei flaske kjøpevatn, som inneheld 96 prosent vatn og 4 prosent plast. Salat er berre ein metode for å frakte avkjølt vatn frå jord til bord.
Mange som tenker at dei bør ete ingenting, et salat i staden, for å halde seg slanke. Men slanke blir dei jo ikkje viss salaten er pøst ned med olje eller feit dressing, og dei hadde jo spart mykje pengar om dei i staden hadde ete ingenting. Den einaste grunnen til at eg eventuelt et salat, er at eg lagar BLT, altså sandwich med bacon, tomat og salat. Då gir salatbladet ei sprø kjensle som kler konsistensen godt, men smaksmessig tilfører han jo null og niks. BLT er svært godt og veldig enkelt å lage: Mellom to avlange landbrød- eller bagettskiver smurde med majones legg du tre skiver sprøsteikt bacon, eitt eller to salatblad og to–tre tomatskiver, før du krydrar med salt og pepar.
I ungdommen serverte ein kjærast av meg tunfisksalat. Ho kom frå ein heim med bøker i bokhylla, det gjorde ikkje eg. No kan sjølvsagt russetidas forelsking ha mykje med saka å gjere, men den salatfrie salaten var noko av det beste eg hadde smakt, og heilt uvand for meg, flaska opp på bastant husmannskost frå Vestlandet som eg er. Skal eg no lage salat i mitt eige hus, bruker eg dei oppskriftene som ikkje inneheld salatblad. Favoritten min heiter salade niçoise. Som namnet viser, stammar han frå Nice i Frankrike, og han inneheld òg tunfisk. Originalen bruker ikkje salatblad i det heile tatt, men grønskollingmafiaen har altså snike det inn likevel, om du sjekkar norske oppskrifter i bloggar og kokebøker. Men den franske er betre: Tre hardkokte egg og fire fine tomatar i skiver eller båtar, nokre stilkar hakka vårlauk, 100 gram lettkokte aspargesbønner, ti oliven og 200 gram tunfisk naturell. Du kan også bruke grøn paprika og reddik. Øvst pyntar du med seks salte italienske ansjosar, og så dryssar du det heile med god jomfruolje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.