JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Salat

Armar og bein er ikkje det einaste på kroppen som kan vere vanskeleg å balansere.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Salat i ein boks – på farten. Sunt og godt, men er det perfekt?

Foto: pxhere.com

4109
20190927
4109
20190927

Svolten. Og travel. Ikkje tid til å stoppe og ete, noko må stappast inn i farten, noko som er ferdig, på hylla, i kiosken, ferdig til å betale og stappe i munnen i det vi hastar vidare, meir klar for kva det no er som gjer tida så trong.

Slike stunder finst. Av og til må mat vere rask. Det var ein gong det var det same som at maten måtte vere feit, salt, ja, rett og slett usunn. Så kom ferdigsalatane. At dei dukka opp og gav feittferdigmaten konkurranse, er eit døme på at noko går framover i verda. Men det inneber ikkje at du skal ta alt du krasjar inn i på gata, for god fisk.

Her ein dag krasja eg med eit salatskilt. Det var midt i gata utanfor ein Subway, og det var Subway sjølv som reklamerte: Den største sandwichkjeda i verda tilbyr fleire av sandwichane sine utan sandwichbrød. No kan du i staden få dei i form av salat. Ikkje berre det: Du kan få dei som det dei hevdar er «perfekt balanserte» salatar.

Kjøper du ein salat frå Subway, får du ein salat som gjev deg akkurat det kroppen treng, hevdar dei med den påstanden. Vel. Sidan Subway går så høgt ut: Lat oss sjå litt nærare på han.

Overvekt av protein

Salaten det vert reklamert for, er ein kylling-, bacon- og avokadosalat. Kva har kylling, bacon og avokado til felles? Jau, dei er kjelder til protein.

Alle som har sett minst eit par matprogram på fjernsyn, veit kor viktig protein er i matlaging. «Proteinet» er som regel senteret i alle retter: Tradisjonelt anten fisk eller ein type kjøt, men både egg og enkelte frukter, nøtter, grønsaker og belgfrukter er viktige proteinkjelder. Avokado er ei slik frukt (for avokado er ei frukt som vi nyttar som ei grønsak).

Utover desse tre ingrediensane inneheld salaten isbergsalat, tomat, mais og honning- og sennepsdressing. Med unnatak av dressingen har desse ingrediensane det til felles at dei ikkje er særleg næringsrike. Sjølv om protein er eit høgt skatta næringsemne for tida, veit vi at menneske ikkje bør leve på det aleine. Kan salaten då vere perfekt balansert?

96 av kaloriane i salaten kjem frå protein: Eitt gram protein inneheld fire kaloriar, og salaten inneheld 24 gram protein. Er det mykje?

Vel. For å finne ut kva eit balansert kosthald eigentleg er, må vi gå til statens kosthaldsråd: Her har Helsedirektoratet brukt all tilgjengeleg vitskap for å definere om lag kor mykje vi bør få i oss av ulike næringsstoff. Kosthaldsråda seier at protein bør utgjere 10–20 prosent av energiinntaket vårt. Altså kan vi klare oss med to salatar for å få i oss dagskvoten av protein.

Salaten samla inneheld 274 kaloriar. Det er berre ein dryg sjuandedel av alle kaloriane eit vakse menneske bør få i seg i løpet av ein dag. Å byte ut brød med salatblad trekker nok ned talet på kaloriar frå karbohydrat, men det reduserer òg fiberinnhaldet i måltidet, i det minste om brødet var grovt. Dei 5,5 gramma fiber i salaten er om lag ein sjettedel av tilrådd dagsinntak.

Ein overdose salt

Ikkje uventa er det likevel ikkje proteina som er mest ubalansert i Subway-salaten. Mest ute av balanse er saltinnhaldet: Sjølv om vi må ha i oss litt salt, veit vi altfor godt kor skadeleg for mykje salt er for menneskekroppen. Dei 1,7 gramma med salt i salaten er over ein tredjedel av alt saltet ein vaksen person bør få i seg i løpet av ein dag. På ein sjuandepart av kaloriane er det altfor mykje.

Kylling-, bacon- og avokadosalaten til Subway er altså langt frå perfekt balansert. Det er riktig å få med at det til sjuande og sist ikkje er så viktig. Menneske er robuste skapningar, kosthaldsråda til Helsedirektoratet er retningslinjer heller enn strenge reglar som må fylgjast dagleg, og viktigast av alt: Mat skal ikkje vere reknestykke. Mat skal ikkje vere kjelde til skuld og skam – i det minste ikkje på grunn av næringsinnhaldet.

Nett difor bør Subway halde seg for god til å marknadsføre salatane sine som perfekt balanserte. Både fordi det ikkje er heldig, og fordi det ikkje er sant.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alle som har sett

eit par matprogram

på fjernsyn, veit kor

viktig protein er

i matlaging.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis