Såkalla heimelaga
Kvifor krev det så mykje å lage heimelaga mat på fabrikk?
Ein ny generasjon går til kamp for ekte heimelaga mat (eller eit pannekakeløp).
Foto: Matt Dunham / AP / NTB scanpix
Tanken slo meg nyleg: Kvifor er så mange av produkta som har ordet «Hjemmelaget» i namnet, tilsette smaksforsterkar, aromastoff og/eller fargestoff? Ein ting er surkålen med aroma, som var tema her i spalta førre veke, konseptet gjeld for ei rekke andre produkt òg, til dømes medisterkaker frå Grilstad med smaksforsterkar E621 (monosodiumglutamat, eller MSG), eller Terinas «Som Hjemmelaget Trøndersodd» med same E-stoff og gjærekstrakt, eller Noras «Hjemmelaget Jordbærsyltetøy» med fargestoffet karmin, som gjev ekstra raudfarge, eller Olivias «Hjemmelagde Sildesalat med poteter og løk» – og naturleg aroma.
Forventning
Fenomenet gjeld ikkje alle. Produsenten Lofoten er eit døme på at det er fullt mogleg å lage grateng, pudding og fiskekaker i industriell skala med akkurat dei same ingrediensane som kvar og ein av oss bruker heime på kjøkkenet.
Men gjev det dei rett til å kalle produkta heimelaga? Reint juridisk gjer det det. Mattilsynet Distriktskontoret for Indre Østfold og Follo prøvde å sette foten ned for praksisen i 2015. Men Orkla anka til Mattilsynet sentralt, og i april i år kom dei fram til at dei måtte tillate praksisen.
«Fordi mat laget i private hjem ikke er tilgjengelig på markedet i vesentlig grad, kan vi vanskelig fastslå at en normalt opplyst gjennomsnittsforbruker per i dag har forventninger til denne type produksjonsmåte», forklarte Mattilsynet til Aftenposten.
Kva er det då vi forventar når noko er merkt som heimelaga? Kvifor ser produsentar seg nøydde til å spe litt ekstra på smak og farge?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.