Frå matfatet
Saftis
Is bør kome frå ein verkeleg stad.
Frisk, fruktig og kald vert saftisen perfekt for sommardagane vi har føre oss.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Sommaren kom med eit pang i år, og jammen var det herleg. Etter ein innestengd vinter og ein kald vår full av nordavind og nattefrost var det nesten surrealistisk å kaste ullgenser etter ullgenser, finne fram shortsen og ete iskremen andre stadar enn under teppet i sofaen.
Ja, eg et is heile året. Vinter som sommar. Men kva is eg et, endrar seg: Til kalde tider høver det med søt, feit fløyteis. I sommartida, derimot, kjem suget etter dei friskare og lettare smakane: saftisen.
Saftisen er, i si enklaste form, verdas enklaste is: Dei aller fleste av oss har vel fått saft i ein pose frå fryseboksen då vi var små. At det var litt krystallar i isen, var ikkje så farleg – han var akkurat så søt, akkurat så frisk og ikkje minst akkurat så kald som han skulle vere sommardagen.
I min barndom var det for så vidt endå meir populært med juice i plastposane. Då vart nemleg isen så sunn at vi kunne ete han kvar dag. No treng vi ikkje lenger plastposar for å ete så sunn is. I det minste ikkje ifylgje produsenten: Hennig-Olsen hevda i 2019 å vere fyrst i verda med ein is utan verken kaloriar eller sukkar. Då kom isen Zeroh!, basert på safta Lerum produserer med same namn.
Frukt utan frukt
Oppskrifta er òg mykje den same: Om isen kjem i smakane Strawberry & Passionfruit, Peach & Pineapple og Apple & Kiwi, inneheld han ikkje ei einaste frukt, berre ei lang rekke ukjende aromastoff. At ordet «naturleg» førekjem i forkant av «aroma», inneber ikkje anna enn at aromastoffet er framstilt av ei råvare som finst i naturen. Og den råvara kan like godt som noko anna vere ein svart sopp, ikkje ulik den som kanskje veks i vindaugskarmane dine. Ingen av råvarene som smaken etterliknar, treng å ha noko som helst med aromaproduktet å gjere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.