Rullemat
Ein middag treng ikkje kniv og gaffel for å vere forankra i norske tradisjonar.
Det var eigentleg ikkje det eg meinte å skrive, men det som slo meg med ein gong eg hadde laga tittelen på denne teksten, var: Kvifor er ikkje rullemat det norske ordet for take away?
Ja, vi har ta med-mat, det er greitt nok, det, «ete her eller ta med», liksom, men la det rulle, altså, det er eit godt ord. Ikkje minst fordi det eg eigentleg hadde tenkt å skrive om i dag, var mat som i seg sjølv er rulla saman – altså det vi på moderne norsk gjerne endar med å kalle ein wrap. Som eg snart skal kome attende til, treng vi på ingen måte å flytte så langt vekk frå vår heimlege kultur.
Slik mat, altså mat som er rulla inn i noko, er jo mat som høver godt til å ete på farten, med éi hand, med den andre handa på sykkelstyret eller rattet i bilen, eller medan ein står på rullebrett eller, for all del, drikk seg drita i russebussen. Rullemat, altså.
Men attende til det eigentlege temaet: mat rulla i ei lefse. Det er stadig meir populært, om vi skal tru alt frå internett til menyane hjå hurtigmatkjedene til ferdigmattilbodet i kioskar og på bensinstasjonar. Fyllet varierer stort – frå kylling i ulike marinadar med ulike sausar og salatar, til røykelaks og egg, biff og egg, falafel, halloumi-ost og avokado, fritert fisk, omelett, tunfisk – og så bortetter. Men alle har dei éin ting til felles: Dei får wrapen til å høyrast eksotisk ut. Som noko som kjem frå ein stad langt vekke.
Gjer han no eigentleg det?
Global rulling
Sjølvsagt rullar dei mat i brød mange stader i verda. Vi skal ikkje ta kebaben frå Midtausten eller tortillalefsa frå Mexico. Vi skal berre legge til at vi i Noreg har vår heilt eigne rullemattradisjon – og han strekker seg monaleg lenger attende enn pølse med lompe (eller vaffel, som vel òg må få høyre heime i rullematboksen) eller lefse med kling og kanel.
Om du tenkjer deg om, har du gjerne høyrt om lefser til rakfisk. Kanskje har du ete det òg, med søt sennep, lauk, rømme og smør? Festmat, det, når det nærmar seg jul. I same periode kjem gjerne lutefisken på bordet, og mange stader i landet skal han òg ha selskap av lefse. I begge høva er det lefse hovudsakleg baka på mjøl vi snakkar om – ei riktig festleg lefse er det, med mykje fint mjøl og meieriprodukt i.
Nokre stader vart fiskelefsa òg brukt til fersk eller lettsalta kokefisk: Ingrediensane er dei same som vi vanlegvis et på ein tallerken – lettsalta brosme, potet, gulrot og smør. Men i staden for å ete dei flatt, pakkar ein dei altså inn i ei fiskelefse – og då er vi gjerne komne over på ei lefse laga på både mjøl og potet – og et med nevane. Retten skal endåtil ha vore servert i festlege lag med mange til stades – og kvifor ikkje, tenk på all oppvasken ein sparer.
På Voss har ein brimlefse – ein veldig gamal rett, ifylgje Bjørgum Bygdekvinnelag på den glimrande nettstaden Tradisjonsmat.no. Ei brimlefse er sett saman av ein flatbrødleiv, som når han er halvsteikt, vert stroken med mjølkekakerøre og så fylt med bruna flesk og vossakurv før han vert pakka saman.
Den nye verda er her
Rullemat, altså. Eller wraps. Vi er heilt for, vi. Vi berre skjønar ikkje heilt kvifor alle må bruke meksikanske tortillalefser kvar einaste gong når vi har så mange alternativ. Det er over 40 lefseoppskrifter på Tradisjonsmat.no. Kor mange av dei lefsene er å få tak i på daglegvarebutikkar som sel 20 ulike variantar av tortillaer?
Det eine skal ikkje utelukke det andre. Det eine er ikkje eingong nødvendigvis finare eller betre enn det andre. Det kjem heilt an på kva ein gjer det til. Og kva variant ein får tak i.
Heldigvis har potetlomper enno ikkje gått heilt ut av bruk. Nokre av dei er endåtil store nok til å kunne romme ein heil middag: Det vesle lompe- og lefsebakeriet Ola Lompa produserer lefserullar med god plass til både norsk fenalår, meksikansk avokado og ein midtausteninspirert tahinidressing – eller berre brosme, gulrot og smør.
Kjøper eg tortillaer frå Mexico? Nei takk, det har vorte så vanleg og keisamt at eg heller unner meg ei eksotisk og spanande fiskelefse.
I Noreg har vi vår heilt eigne rullemattradisjon.