Diktet

«Rose» av Marie Takvam

Publisert Sist oppdatert

Da eg kom over diktet «Rose», såg eg raudt. Det var som eit pinsebål steig imot meg. Diktet var raudt som blod. Her steig ei kvinne fram, ei rose. Dei sette håret hennar opp i krans, måla munnen hennar raud... Diktet var glødande og fullt av kraft. Eg følte eg stod på avstand, høyrde filmatisk musikk og såg flammar stige opp. Musikken var fresande og fargerik.

Diktet er todelt og skildrar fortid og notid. Etter den raudspekka delen kjem del to og snur det heile. Kvinna trer inn i vår tid og ser seg sjølv i eit nytt lys. Kveldssola roar det heile ned. Etter vulkanutbrotet kjem ein skugge av rennande lava, og mørke tankar ulmar. Skuggen hennar endrar seg til eit sverd som vert ein trussel mot dei som dulla og pynta ho opp i første del. Det er som vi har vore med på ei reise frå fortid til notid.

Diktet kan tolkast på uendeleg mange måtar. Det har ingen fasit. Vi kan dikte vidare. Lage vårt eige dikt.

Marie Takvam (1926–2008) er poeten bak diktet som stod i diktsamlinga Auger, hender som kom ut i 1975. Sonen Magnus Takvam skriv i biografien om henne at ho «skreiv for å kunne leve», og han skildrar ei psykisk sjuk mor med alkoholproblem som ikkje var enkel å hanskast med.

Marie Takvam, fødd Skylstad, vaks opp i Hjørundfjord i Ørsta. Ho var først og fremst lyrikar, men skreiv også romanar, drama og ei barnebok. Ho var filmskodespelar og oppteken av politikk og kvinna si stilling i samfunnet. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement