Reker

Ingen bør vere naken og kald lenger enn høgst nødvendig.

Reker. Store eller små? Ikkje godt å seie. Som så ofte elles er det heller ikkje det det kjem an på.
Reker. Store eller små? Ikkje godt å seie. Som så ofte elles er det heller ikkje det det kjem an på.
Publisert Sist oppdatert

Frys er ein fin ting. Brukt riktig, på riktige råvarer, tek frysen vare på smak og næringsstoff i mat på ein måte få andre konserveringsteknikkar kan syne til. Eg meiner: Om du synest dei frosne ertene er litt vasne, tenk på skilnaden på ferskt kjøt og fenalår, druer og rosiner, sashimi og røykelaks.

I minusgrader minkar aktiviteten til mikroorganismar som bakteriar og sopp til eit minimum, kjemiske reaksjonar sakkar ned og metabolske reaksjonar skjer nesten ikkje. Og sjølv om frysaren må vere på kvar dag, heile døgeret, brukar han såpass lite energi på å ta vare på såpass mykje mat at det fort kan lønne seg framfor å stadig fylle på med fersk mat, særleg heilt utanfor sesong, når dei ferske alternativa gjerne må fraktast lange vegar: Å ha norske sukkererter i frysen til vinteren i staden for å kjøpe dei guatemalanske eller sørafrikanske som er å finne i butikken, er eit godt energival.

Men kor lenge er det rasjonelt å ha mat liggande i frysen, og kva slags mat bør vi bruke energi på å fryse ned? Ta sjømat, til dømes, meir spesifikt argentinske villreker i ein frysar på ein Rema 1000-butikk. Rekene er best før 28. november 2019. Ein har god tid på seg, altså – eller? Kanskje ikkje, jamført med kor lenge dei har vore i posen: Rekene vart frosne inn 28. november 2016. Er dette fornuftig bruk av frysekapasitet? Kanskje kjem det til sjuande og sist an på rekene?

Det vi ikkje får vite

Dei argentinske villrekene, som eigentleg er argentinske raudreker (Pleoticus muelleri), ligg i fryseboksen saman med det som vert selt som ulike variantar av scampi (sjølv om det eigentleg er noko anna, men det tek vi ein annan gong). «Vilt er ein fin ting», tenker vi. Det er litt eksotisk, og rekene er store, men utan det skadelege oppdrettet. Så då kjøper vi argentinske villreker og er glade og nøgde utan å tenke meir over det.

Og det er ikkje rart: Ingenting i butikken fortel oss at argentinske villreker i september i fjor vart plasserte på raudlista i WWFs sjømatguide.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement