¿ Reinskav

Di meir reinkjøt som kjem i butikken, di meir skavar vi av.

Ein rein blant fleire. Kor mange har vi plass til – og kva vil vi betale for han?
Ein rein blant fleire. Kor mange har vi plass til – og kva vil vi betale for han?
Publisert

Lytt til artikkelen:

Korleis går det eigentleg med reindrifta i Noreg? I årevis, ja, tiårevis, eigentleg, har diskusjonen gått i ei av våre nordlegaste næringar: Er det for mange rein på Finnmarksvidda? Er vidda overbeita, nedbeita eller øydelagd? Eller er ho heilt i orden? Korleis skal reinsamar overleve om eit økologisk berekraftig reintal ikkje er økonomisk berekraftig?

Reintalet er redusert, men er det nok? Lavdekket på Finnmarksvidda er betre enn på mange år, men er det godt nok? Dette er usemja som har alt: Her står forskarar mot forskarar, søringar mot nordingar, samar mot samar og byråkrati mot praktikarar. Kven som har rett, er ikkje godt å verte klok på – i det minste ikkje frå eit kontor milevis frå næraste rein.

Ikkje berre på viddene

Vel, det kan iallfall vere klokt å ha med seg at reindrift i Noreg er meir enn berre Finnmarksvidda: På ein nord-sør-akse endar samisk reindrift nord i Hedmark, men vi har tamreindrift så langt sør som til Filefjell.

Så kan vi gjere vel i å hugse at produktet, reinkjøtet, er eit knakande godt produkt: ordentleg utmarksbeita. Det vesle feittet som finst, er så sunt at det bør reknast som helsekost, og smaksrikt så vel som tradisjonsrikt. Og ikkje minst: Det er stadig lettare å få tak i – i daglegvarebutikken. Berre på min lokale Rema 1000 finn eg reinskav frå to ulike produsentar. Hjå Spar i nabokommunen finn eg tre til. (To av dei heiter finnbiff, men det er i praksis det same.) Og sidan ingen av merkevarene er dei same, har eg altså fem ulike variantar å velje mellom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement