Reddik

Best utan grønt.

Det raude og det grøne ser fint ut saman, men på sikt bidreg ikkje blada til sprø reddikar.
Det raude og det grøne ser fint ut saman, men på sikt bidreg ikkje blada til sprø reddikar.
Publisert

Strengt tala er det vel for seint. Eventuelt for tidleg. For reddik altså – grønsaka som glatt hoppar over sommaren, men har det topp tidleg vår eller haust. Men OK, vi lèt det gå – hausten kjem om ikkje anna fortare enn vi anar.

For reddik er jo så bra. For det fyrste fordi det er enkelt. Kan borna kome heim frå skulen med noko betre enn reddikar dei har dyrka sjølve i mjølkekartongar? For det andre fordi det er sprøtt og saftig – ein fersk reddik er ein ekte smakseksplosjon. Og for det tredje for den flotte rosafargen som pyntar opp kva det skal vere. Vår er dei fyrste reddikane på leverposteiknekkebrødet, i den triste importsalaten eller som veskesnacks på trikken.

Korttidsplante

Kva er det eigentleg som gjer reddiken så enkel å dyrke? Reddik er nært i slekt med sennep, noko du kanskje kan kjenne på smaken: Han er heimehøyrande i korsblomefamilien, som vanlegvis ikkje er kjend for å vere ein lett familie å ha i åkeren: Variantar som blomkål er særs næringskrevjande, brokkoli har lett for å gå i stokk og verte berre tynne blomekvistar. I tillegg er det ei rekke skadelege insekt som har spesialisert seg på korsblomefamilien – kålfluge, mellom andre.

Det største fortrinnet til reddiken er like enkelt som genialt: Han skal ikkje vere så lenge i jorda. Då er det ikkje så mykje som kan gå gale. Frøet spirar på tre–fire dagar og kan stort sett haustast etter tre–fire veker, om vêret er nokolunde. Jamført med brokkoli, som står i jorda 60–70 dagar, og hovudkål, som står der i fire heile månader, burde reddik rett og slett vere lettare å få til.

Reddik har berre eitt problem: Korleis i alle dagar skal vi kjøpe han?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement