Reddik
Best utan grønt.
Det raude og det grøne ser fint ut saman, men på sikt bidreg ikkje blada til sprø reddikar.
Foto: Wikimedia Commons
Strengt tala er det vel for seint. Eventuelt for tidleg. For reddik altså – grønsaka som glatt hoppar over sommaren, men har det topp tidleg vår eller haust. Men OK, vi lèt det gå – hausten kjem om ikkje anna fortare enn vi anar.
For reddik er jo så bra. For det fyrste fordi det er enkelt. Kan borna kome heim frå skulen med noko betre enn reddikar dei har dyrka sjølve i mjølkekartongar? For det andre fordi det er sprøtt og saftig – ein fersk reddik er ein ekte smakseksplosjon. Og for det tredje for den flotte rosafargen som pyntar opp kva det skal vere. Vår er dei fyrste reddikane på leverposteiknekkebrødet, i den triste importsalaten eller som veskesnacks på trikken.
Korttidsplante
Kva er det eigentleg som gjer reddiken så enkel å dyrke? Reddik er nært i slekt med sennep, noko du kanskje kan kjenne på smaken: Han er heimehøyrande i korsblomefamilien, som vanlegvis ikkje er kjend for å vere ein lett familie å ha i åkeren: Variantar som blomkål er særs næringskrevjande, brokkoli har lett for å gå i stokk og verte berre tynne blomekvistar. I tillegg er det ei rekke skadelege insekt som har spesialisert seg på korsblomefamilien – kålfluge, mellom andre.
Det største fortrinnet til reddiken er like enkelt som genialt: Han skal ikkje vere så lenge i jorda. Då er det ikkje så mykje som kan gå gale. Frøet spirar på tre–fire dagar og kan stort sett haustast etter tre–fire veker, om vêret er nokolunde. Jamført med brokkoli, som står i jorda 60–70 dagar, og hovudkål, som står der i fire heile månader, burde reddik rett og slett vere lettare å få til.
Reddik har berre eitt problem: Korleis i alle dagar skal vi kjøpe han?
Slappe blad
Like sikkert som at sprø reddik er frisk og fengande, er det at slapp reddik er tørr, trevlete og nærast umogleg å få ned. Og diverre er altfor mykje av reddiken eg finn i butikken, altfor nær den utrivelege kategorien. Endå tristare er det at desse reddikane har éin ting til felles: Dei vert selde utan plastikk, men med blada på.
Reddik er ei rotgrønsak, men han har sjølvsagt blad som veks over jorda. Det er blada som sørger for fotosyntese og produksjon av glukose – sukkerenergi. Utan energi, ingen vekst.
Medan reddiken er i jorda, bruker altså blada dagane på å omsette vatn, sollys og CO2 frå lufta til glukose og oksygen. Her bind planta vatn. Men det går òg føre seg ein heilt motsett prosess i reddiken: Planta bryt glukosen ned til CO2 og vatn som vert frigjeve ikkje berre frå blada, men frå heile planta. Dette kallast celleanding, og denne prosessen stoppar ikkje sjølv om planta er tatt opp av jorda og har slutta å vekse. Sjølv om heile reddiken bidreg, er det storleiken på overflata som avgjer kor mange celler som andar – og tynne blad har ei relativt sett mykje større overflate enn sjølve reddiken. Vil vi halde reddiken sprø, bør vi altså ideelt sett kvitte oss med bladverket så fort som mogleg.
Men korleis skal vi då kjøpe reddikar? Det er liten tvil om at det er hyggelegare å kjøpe dei i bunt med ein strikk kring enn i dei evinnelege plastposane. Og utan strikk rullar runde reddikar raskt ut av hyller og posar.
Svaret må vere å kutte vekk akkurat nok av bladverket til at gummistrikken heng fast fram til du kjem heim til kjøleskapet. Så fort du er der, fjernar du resten av bladverket og legg reddikane i ei skål eller ein boks.
Så er det berre å knase i veg. Ikkje alt ved sommaren treng å vere søtt – at noko er bittert og sprøtt kan vere ei heilt nødvendig kontrast.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Like sikkert som
at sprø reddik er
frisk og fengande,
er det at slapp reddik
er tørr, trevlete
og nærast umogleg
å få ned.
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.