Proteinsmoothie

Om lag så langt unna naudsynt som det er mogleg å kome.

Ein ekte blåbærsmoothie skal ha blåbær, aller mest blåbær. Ikkje aller mest protein.
Ein ekte blåbærsmoothie skal ha blåbær, aller mest blåbær. Ikkje aller mest protein.Ein ekte blåbærsmoothie skal ha blåbær, aller mest blåbær. Ikkje aller mest protein.
Publisert

Lat oss sjå litt stort på det: Vi nordmenn er i den vanvitig heldige situasjonen at vi kan velje akkurat kva vil ete kvar einaste dag. Det har dei fleste nemleg pengar til, og utvalet er godt nok i butikkane som praktisk nok ligg rett rundt hjørnet.

Kva brukar vi denne fridomen til? Korleis står det eigentleg til med norsk kosthald?

Det veit vi sjølvsagt ganske mykje om. Matforsyningsstatistikk, forbrukarundersøkingar og nasjonale kosthaldsundersøkingar ligg til grunn når Helsedirektoratet kvart år lagar rapporten «Utviklingen av norsk kosthold». Skuleungdom svarer på helseundersøkingar, eldre vert intervjua og foreldre med spedbarn deltek i forskingsprogram for at vi skal få oversikt over kor sunt vi eigentleg et.

Og svaret? Både òg: «På tross av flere positive utviklingstrekk i matvareforbruket de siste årene har kostholdet i Noreg fortsatt klare ernæringsessige svakheter som øker risikoen for utvikling av ikke-smittsomme sykdommer, som kreft, hjerte- og karsykdommer og type 2-diabetes», var oppsummeringa i 2017-utgåva av rapporten.

Ingen overraskingar her, eigentleg. Vi et ganske mykje meir grønsaker og bitte litt meir frukt, men framleis ikkje nok. Sjølv om sukkerinntaket går ned, er det framleis for høgt. Vi et altfor mykje salt. For mykje kjøt, særleg gjeld det menn, og altfor lite fisk.

Eit felles ansvar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement