Proteinsjokolade

Å gjere sjokoladen meir komplisert gjer han diverre ikkje sunnare.

Tre proteinbarar, to av dei delte i to, med sjokolade. Gjer ordet protein sjokolade sunnare?
Tre proteinbarar, to av dei delte i to, med sjokolade. Gjer ordet protein sjokolade sunnare?
Publisert

Dei siste par åra har proteinsjokoladane trampa inn i kosthaldsvokabularet og daglegvarehyllene våre. Fyrst som eigne produkt frå treningsmatprodusentane. Dei har namn som Bodylab, Barebells og Goodlife. Men sikkert som banken kom dei kjende snikande merkevarene etter: I 2017 kom dei globale merkevaresjokoladane Snickers og Mars, og i haust er vi så heldige å kunne finne sjølv vår heimlege Japp i proteinoppfylt utgåve i nærast kva daglegvaresjappe som helst.

Eller, kor heldige er vi, sånn til sjuande og sist? Kva har eigentleg sjokolade med trening og ein sunn livsstil å gjere?

Vel, ifylgje Mondelez, som lagar Japp, er det 40 prosent mindre sukker i proteinutgåva – nesten halvparten, der altså – og så mykje som 24,5 prosent protein, noko som er om lag like mykje som i kylling. Tala for Mars og Snickers er om lag dei same.

Men det er meir i desse sjokoladebarane. Mykje meir. Der det er 15 namn på ingredienslista til ein vanleg Snickers, identifiserer eg 27 ulike produkt på ingredienslista til Snickers Protein.

Eg nyttar med vilje ordet produkt, av di det er fleire av dei eg ikkje vil gå så langt som å kalle ingrediensar. Myseproteinisolatet, laktosen og proteinet frå myse i Snickersen og myseproduktet i Jappen har heilt klart vore ingrediensar ein gong, men det er mange prosessar sidan.

Helsekaos

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement