JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Proteinsjokolade

Å gjere sjokoladen meir komplisert gjer han
diverre ikkje sunnare.  

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tre proteinbarar, to av dei delte i to, med sjokolade. Gjer ordet protein sjokolade sunnare?

3793
20191018
3793
20191018

Dei siste par åra har proteinsjokoladane trampa inn i kosthaldsvokabularet og daglegvarehyllene våre. Fyrst som eigne produkt frå treningsmatprodusentane. Dei har namn som Bodylab, Barebells og Goodlife. Men sikkert som banken kom dei kjende snikande merkevarene etter: I 2017 kom dei globale merkevaresjokoladane Snickers og Mars, og i haust er vi så heldige å kunne finne sjølv vår heimlege Japp i proteinoppfylt utgåve i nærast kva daglegvaresjappe som helst.

Eller, kor heldige er vi, sånn til sjuande og sist? Kva har eigentleg sjokolade med trening og ein sunn livsstil å gjere?

Vel, ifylgje Mondelez, som lagar Japp, er det 40 prosent mindre sukker i proteinutgåva – nesten halvparten, der altså – og så mykje som 24,5 prosent protein, noko som er om lag like mykje som i kylling. Tala for Mars og Snickers er om lag dei same.

Men det er meir i desse sjokoladebarane. Mykje meir. Der det er 15 namn på ingredienslista til ein vanleg Snickers, identifiserer eg 27 ulike produkt på ingredienslista til Snickers Protein.

Eg nyttar med vilje ordet produkt, av di det er fleire av dei eg ikkje vil gå så langt som å kalle ingrediensar. Myseproteinisolatet, laktosen og proteinet frå myse i Snickersen og myseproduktet i Jappen har heilt klart vore ingrediensar ein gong, men det er mange prosessar sidan.

Helsekaos

Lat oss tenkje oss om. Kan det vere nokon annan måte vi kan få i oss mjølkeprotein og myseprotein på? Ein måte som ikkje inneber ein heil fabrikkpark av ekstraheringsprosessar?

Jau, vi har no den der kua, då. Ho gjev jo mjølk, ho. Og den mjølka er enno fullt drikkande, både etter det eg tidlegare har høyrt, og det eg sjølv opplevde ved frukosten i dag tidleg.

Men mjølk, er ikkje det skadeleg, då? Fullt av sukker og feitt, til dømes, særleg om vi, gud forby, vel heilmjølk? I 2018 gjorde Norstat ei undersøking for daglegvarekjeda Kiwi kring meieriprodukt og sunnheit. 30 prosent av dei spurde svara at dei såg på mjølk som usunt.

Korleis dei same personane ser på proteinsjokolade, seier undersøkinga ingenting om, men det er liten tvil om at det herskar stor forvirring kring kva eit sunt kosthald er for noko for tida.Er det Snickers og Japp med meir protein? Produsentane seier ikkje «sunt», men dei seier «sunnare» – sunnare enn dei vanlege sjokoladane.

Sunnare enn mjølk er proteinsjokoladane likevel langt ifrå. Tvert om inneheld dei meir sukker, 35 prosent i ein protein-Japp og 19 gram i protein-Snickers mot 4,5 gram i mjølk, og meir feitt, 27 gram i 100 gram protein-Japp mot kring 4 prosent feitt i heilmjølk. Og om mjølkefeittet kan finne på å ha ein del metta feittsyrer i seg, er dei i det minste ikkje palmeolje, slik tilfellet er i alle dei tre proteinsjokoladane. Palmeolje er eit av få næringsmiddel så å seie alle er samde om at folk gjer vel å få i seg minst mogleg av.

Misbruk av vitskap

Nei, vi ville ikkje få i oss like mykje protein. Det er berre kring 4 prosent protein i rennande mjølk, men kanskje er det nok? Kanskje treng vi ikkje meir, om vi aldri så mykje har vore på trening, for så forbaska hardt har vi kanskje ikkje trena, og dessutan har vi sete temmeleg i ro resten av dagen?

All ære til matvitskapen, dei har funne og finn framleis ut ei heil mengd lurt. Men å ta proteinrik mjølk frå kvarandre og putte dei ulike delane saman med temmeleg meiningslause eller beint ut usunne næringsmiddel, og tru at ein skal skape noko lurt og sunt, det er nærare misbruk av vitskap og milevis frå noko som tek verda framover.  

Kjøper eg Mars, Japp eller Snickers Protein? Nei takk, er det sunn treningskost det er snakk om, tek eg meg heller eit glas god, gamaldags mjølk.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det herskar stor

forvirring kring kva

eit sunt kosthald er

for noko for tida.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis