Potetchips
Varmen tek på. I verste fall tek han på sjølvaste kreften.
Livet er godt når chipsskåla er full.
Foto: Pxhere.com
Det er varmt. Å, så varmt, og klamt, og du sveittar, sjølv om du gjer absolutt ingenting. Du ligg på ei solseng i skuggen og sveittar, og du er svolten, temmeleg tom i magen, faktisk, men ikkje snakk om at du orkar å gå inn i sollyset du må gjennom for å kome deg inn på kjøkkenet der maten er.
Sett at det der og då dukka opp ein reddande engel. Ein som sa: «Eg kan skaffe deg akkurat det du helst vil ha.» Kva ville du velje?
Ein frisk og sunn jordbærsmoothie? Ein diger iskrem frå frysaren? Ein tallerken grillmat, kanskje? Eller kva med ei stor skål med salt potetchips?
Eg veit kva eg hadde valt. Det er utruleg kor godt salte, feite og sprø potetskiver er i varmen. Vi mistar jo ikkje berre væske når vi sveittar, vi mistar salt òg, og kroppen treng salt for å overleve. Feitt- og knasesprøsjuke er vi vel om lag når som helst, kanskje særleg når vi er svoltne og slappe.
Så altså: potetchips. Ikkje det sunnaste vi kan ete, det veit vi jo – få produkt kan konkurrere med potechips, med 517 kaloriar per hundre gram på den offisielle matvaretabellen. Det måtte i så fall vere smør, som i si reine form klokkar inn på 733 kaloriar. Men dei færraste av oss et smør frå ei skål.
Vel, vel. Av og til – ja, sånn no og då – er det chips som må til. Snusfornuftige kjelder skal til og med ha det til at chips smakar betre om ein ikkje et det så ofte. (Det er trass alt ikkje så ofte det er så varmt i Noreg?) Dei få gongane er det kanskje andre sider ved potetchipsposen vi bør tenke meir på enn kaloriane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.