Polarbrød

Herming er ganske feigt.

Polarbröd med skagenrøre. Eller polarbrød med skagenröra?
Polarbröd med skagenrøre. Eller polarbrød med skagenröra?
Publisert Sist oppdatert

Når vart polarbrød noko alle visste kva var? Eg har ikkje svaret, men det er nokre år sidan. Eit tydeleg teikn er at eit googlesøk på ordet gjev fleire treff på oppskrifter – altså korleis du kan lage det sjølv – enn referansar til merkenamnet.

Eit polarbrød syner altså til eit slags flatt rundstykke – eit mjukt, heva brød som du legg pålegget på toppen av og et i eitt stykke. Slik har det mykje til felles med norske lefser, indisk naan, meksikansk tortillas, marokkansk pita og etiopisk injera.

Polarbröd er derimot ikkje kva som helst. Tvert om er det ei familieverksemd i Älvsbyn i Nord-Sverige som har røter attende til 1879. Dei søte, mjuke Polarbröda har vore å få kjøpt i Noreg sidan 2002. Namnet har brødet fått fordi det vert frose ned rett etter steiking – polarmetoden er is og kulde. Løyndommen bak familiesuksessen er nok likevel minst like mykje monalege mengder sukker og sirup: Søtsmaken i brøda er ikkje gratis. Sjølv om høgt fiberinnhald gjer dei grove variantane mindre usunne, kan ein stille spørsmål ved å bruke eit så søtt brød som standardval til kvardags.

I dag er det likevel ikkje sukkerinnhald og helse det skal handle om. I staden skal vi snakke litt om rettvis konkurranse.

Kopikatten Coop

Her ein dag gjekk eg på Coop og såg meg omkring. Eg såg Polarbröd, i ei sånn flyttbar ekstrahylle som står midt på golvet mellom dei faste hyllene. Men polarbrødet var ikkje aleine. Det hadde fått selskap av noko som kalla seg «Coops runde brød».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement