Frå matfatet

Plukkfisk

At bergensk plukkfisk vert laga i Lofoten, er langt frå det største problemet med produktet.

Lerøy kan kombinere business, fisk – og Bergen. Men kan dei bergensk plukkfisk?
Publisert Sist oppdatert

Eit av nyhenda i daglegvarehyllene denne våren er at bergensverksemda Lerøy Seafoods har laga bergensk plukkfisk – i Lofoten. Det kan nok forklarast med at den einaste foredlingsfabrikken Lerøy har i bergensområdet, ligg på Osterøy og driv med røyking av aure og laks, og kan hende orsakast med all den andre fisken som har reist andre vegen, nærast rana nordafrå og sørover, dei siste tiåra.

Lofoten skulle fått lage bergensplukkfisken – om det no var det dei laga.

For kva er eigentleg plukkfisk? Har folk flest eigentleg høyrt om det? For meg er det kvardagslukke. Då eg budde på hybel på vidaregåande, var det gjerne plukkfisk eg ynskte meg til middag når eg kom heim til mamma ei helg. Men så har eg vakse opp nær kjerneområdet til denne retten òg, då: Ifylgje Norsk Tradisjonsmat har plukkfisk røter i Hordaland, men eg kan skrive under på at han spreidde seg til Sogn og Fjordane lenge før nokon trudde at desse to var eitt fylke.

Fisk i kvit røre

Vi er likevel enno ikkje nærare kva plukkfisk faktisk er. Det er heller ikkje så lett å definere med to strek under: Namnet kjem nok av at fiskestykka i retten er plukka ifrå kvarandre. Plukkfisk skal innehalde kokt kvit fisk, men det kan vere torsk eller sei, fersk, lettsalta eller røykt.

Laukfamilien skal vere med, men medan nokon brukar gul lauk, vil andre ha purre. Plukkfisk skal innehalde potet, men medan eg er vaksen opp med at potetene er i bitar rørte inn saman med fisk, purre og makaroni i ein kvit saus, lagar andre potetstappe som fisk og lauk vert blanda med – utan makaroni.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement