Frå matfatet
Plommer
Enkelte sel plommer med tap, og eg tek meg sjølv i å sjå feil.
Plommer i eit tre: Har du eit slikt i hagen, er du heldig – har du ikkje, får du kjøpe plommer på butikken.
Foto: Pxhere.com
Er plommer typisk norsk? Ja, plommetreet er ein naturleg del av norske villahagar, men bortsett frå plommeslang med påfylgjande mageknip er det få produkt av plommer som verkeleg har sett seg fast i mattradisjonane våre.
Plomma er ikkje eingong opphavleg norsk, lang derifrå – ho kjem frå Asia, men har spreidd seg til heile verda i slik grad at vi også her i Noreg har profesjonelle plommeprodusentar. Og dei står det respekt av, for den glatte, saftige, sursøte plomma har ei rekke fiendar. Ho kan lett verte øydelagd av insekt – kveps, til dømes, som stikk stygge merke i skalet hennar. Kraftig vind får ho til å ramle på bakken. Og i sluttfasen, rett før modninga og når alt er nesten i boks, skal det ikkje meir enn eit kraftig regnvêr til for å slå bulkar eller hòl i skalet – og med eitt er alt øydelagt.
Likevel går det ofte bra, og ei lang rekke plommer har i år igjen funne vegen til daglegvarebutikkane våre.
Pris pr. kG eller korg?
Men dei norske plommene er langt frå aleine. Det fyrste som møter meg idet dørene går opp på Rema 1000, berre nokre få meter innanfor døropninga, er ein stabel italienske plommer og summen 34,90. Litt lenger bak, inne i frukt- og grøntavdelinga, skimtar eg òg eit plommeskilt: «Sjekk prisen», står det, og under: «Norske plommer 39,90».
Eg stoppar opp. Ein ting er at Rema 1000 vel å selje italienske plommer midt i den norske plommehausten, noko anna er det å selje importvarene billegare enn dei norske variantane. Er det i det heile mogleg? Er det ikkje saftig toll på fruktimport i den norske fruktsesongen?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.