Frå matfatet
Pistasjis
Grønt inneber ikkje alltid ekte.
Han er grøn, men er han pistasjnøttete? Sjå, det er ikkje godt å seie.
Foto: Pxhere.com
Altså: iskrem. Skal vi verkeleg byrje med det alt no? Medan bakken er full av sin eigen slush, meiner eg, og utetemperaturen er sin eigen fryseboks?
Ja, eg synest vi skal det. For utvalet i isdiskane er stort her til lands, og det endrar seg fort. Skal ein kome seg gjennom alt og ikkje minst sile ut det beste i løpet av ein kort sommarsesong, er det best å stille godt budd. Og nyhenda, dei kjem no. Isen vi skal sjå nærare på i dag, heiter Crème Ekte Pistasj, er laga av Hennig- Olsen Is og vert lansert med fylgjande sitat frå konsernsjef Paal Hennig-Olsen: «Mange nordmenn har et forhold til pistasjis, men smaken av naturlig pistasj er nok ganske ukjent for mange. Crème Ekte Pistasj er ekte vare og kompromissløs på smak.»
Det fanst pistasjis då eg var lita (det var faktisk favorittisen min), så vi har hatt denne issmaken her til lands i nærare førti år. Likevel har altså mange av oss ikkje smakt «naturleg» pistasj. Kva er det då vi har ete – og kva er det Hennig-Olsen no tilbyr oss i staden?
Vulka nøttesmak
Lat oss starte med sjølve pistasjen. Vi kallar det pistasjnøtt, men som mange nøtter er ho eigentleg noko anna – i dette høvet ei frukt. Den viktigaste pistasjproduserande regionen i verda er Midtausten, frå Tyrkia til Syria med eit senter i Iran, der treet veks vilt og nøttefrukta har vore ein naturleg del av matkulturen lenger enn ein kan hugse.
Men California kryp òg stadig høgare opp på lista. Om ein skal tru forståsegpåarane, er det ikkje noko jordsmonn som gjev betre pistasjnøtter enn det på den italienske øya Sicilia. Nærare bestemt er det vulkanen Etna som får mykje av æra for den særlege smaken Bronte-pistasjnøttene skal ha, saman med alle produsentane sjølvsagt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.