Frå matfatet
Pannekaker
Ein slik middag som bør få tida til å gå.
Pannekakekos: Ikkje alle dagar kan vere slik, men kanskje er ikkje dei dagane pannekakedagar?
Foto: Lise Åserud / NTB (FRB)
Tida er inne for å stille det store spørsmålet. Spørsmålet som fangar alle småbarnsforeldre, og, om vi skal vere ærlege, ganske mange av oss som et middag utan å ha dagleg forsørgaransvar for små menneske i vekst og med stor interesse for søtmat: Er pannekaker middag?
Årsaka til at spørsmålet vert stilt, er vel at pannekaker i litt for stor grad kan minne om brødmat. Sidan vi nordmenn har brød, knekkebrød, müsli og graut som utgangspunkt for to–tre av dei tre–fire måltida vi et i løpet av ein dag, kan det verke feil å ha mjølbaserte pannekaker som hovudingrediens også i det siste – og mange vil hevde viktigaste – av dagens måltid.
Men pannekaker er jo langt frå aleine om å vere ein kveitemjølsbasert middagsingrediens. Tenk berre på pasta – både spagetti og makaroni er jo i dei fleste høve nærare 100 prosent kveitemjøl. Den offisielle kjelda vår til næringsinnhald i mat, Matvaretabellen, syner òg at både karbohydrat- og fiberinnhaldet i «Pasta, naturell, kokt» og «Pannekaker, stekt i fett» er nærast identisk: 1 gram kostfiber og 23,6–23,8 gram karbohydrat for begge middagsingrediensane. I tillegg inneheld pannekaker både mjølk og egg, noko som gjer at det er dobbelt så mykje protein i pannekaker som i pasta.
Alt det andre
Med andre ord: Førestillinga om at pannekaker ikkje er middag, sit mest i hovudet – og ein del i tilbehøyret. På same måte som dei færraste et pasta utan saus, og kva vi har i sausen er med på å avgjere kor sunn middagen er, kan vi påverke pannekakemiddagen vår med kva vi et både oppå, før og ved sida av pannekakene våre. Å ete suppe saman med pannekaker er, så vidt eg kan finne ut, ein temmeleg norsk tradisjon – i delar av Tyskland og Austerrike puttar dei i staden pannekakene opp i ein storfebuljong og kallar det Flädlesuppe. Begge delar er utmerkte måtar å oppgradere pannekakemiddagen på, vil eg seie, det same er blåbær og bacon – ikkje noko ein treng ete til middag kvar dag, kanskje, men no og då finst det absolutt verre val å ta.
Men. Det er enno eit lite men her. Og det vesle atterhaldet landar midt på pannekaka. I det siste har eg nemleg sett stadig fleire ferdige pannekakevariantar i daglegvarehyllene. På min Coop Extra har dei fire ulike variantar: ein amerikansk variant – liten og tjukk – frå Pop Bakery, to variantar Coop ferdigstekte pannekaker (ein grov og ein ikkje-grov) og ein frå eit anna av EMV-merka til Coop, nemleg X-tra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.