Ostesnacks
Små ostebitar på altfor lang tur.
Du kan lage din eigen ostesnacks med mozzarella, tomat og basilikum.
Foto: Larry Crowe / TT / NTB scanpix
Ost prøver seg på den barnlege snackmarknaden for tida. No skal ikkje born berre ete ost på brødskiva eller smelta på middagen – dei skal ete berre ost. Som ein «sunnare snack», full av protein og kalsium, ifylgje produsentane. Og pakka i opptil fleire lag med plast, sjølvsagt.
For det fyrste eg reagerte på med produkta Skrella Mozzarella frå Synnøve Finden og Karolines Ostepinner (ein del av Coops serie med Knerten-produkt), var det enorme plastforbruket. Ein pakke Skrella Mozzarella inneheld fem mozzarellastenger, kvar av dei på tjue gram, vakuumpakka individuelt og igjen pakka i ein plastpose med fem stenger. Karoline-osten kjem i tilsvarande vakuumpakka porsjonar på 20 gram, men her er porsjonane samla i eitt plastikknett. Viktigare enn innpakninga er likevel sjølve osten. Kvar kjem han frå, skal tru?
Lat oss byrje med Karolines Ostepinner. Coop er ikkje eit meieri, så her må nokon andre ha tatt seg av produksjonen. Akkurat kven er likevel ikkje godt å vite.
Coop har kjøpt osten frå Vepo Cheese, eit nederlandsk firma. Men på merkelappen står det at det kan variere kor osten kjem frå: enten Nederland eller Tyskland. Årsaka er at Vepo Cheese heller ikkje er eit meieri. Dei har spesialisert seg i å pakke ost. Osten kjøper dei frå ulike meieri, truleg i minst to ulike land.
Uklar start
Vidare til Skrella Mozzarella. Synnøve Finden er eit meieri, så det kunne i teorien produsert osten sjølv. Det ville til og med vere logisk. Produksjonsinformasjonen inneheld heller ikkje nokon informasjon om at andre har produsert osten for dei. Likevel er det ikkje Synnøve Finden som har ysta osten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.