JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ostepop

Det synte seg at sjølv i det heilt meiningslause var det noko å lære.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jau då, ostepop kan vere runde. Men det er ikkje nødvendigvis nokon fordel.

Foto: Jin Zan / Wikimedia Commons

3562
20200214
3562
20200214

Eg lo då eg såg posen på butikkhylla. Ja, eg gjorde faktisk det, eg lo høgt av posen med Cheez Snow Balls. Kvifor?

Jau, det var nok litt fordi det var januar og snøballane såg ut som ein altfor teit og alt for sein julegimmick, men årsakene var fleire. Cheez Snow Balls er ei form for ostepop, men der den ekstruderte – å ekstrudere er ei komplisert form for popping: deigen vert pressa gjennom ei dyse som gjev produktet form, og høgt trykk gjer at deigen «poppar» – og ostedekte maisdeigen er forma som bollar i staden for remser. Humoren låg likevel ikkje i forma, men i fargen: Å gjere den oransje osten cheddarkvit for å få han til å høve inn i ei snøballførestilling, er ikkje det om lag så dumt som det kan bli?

skråsikker kan ein verte. Dei orda skulle eg fort få bite i meg, og det skulle ikkje eingong vere fyrste gong cheddar snudde opp ned på noko i synet mitt på mat.

Fargestoff på plass

Cheddar er nemleg osten som verkeleg fekk meg til å skjøne at det kan vere farleg å vere for bastant: Ideen min om at tilsette fargestoff i ekte mat var bannlyst, fekk seg rett og slett eit slag for brystet av cheddarosten.

Eg visste at cheddar var oransje på farge. Det eg ikkje visste, var at den karakteristiske, men i osteverda spesielle oransje fargen ikkje kjem av verken yste- eller modningsprosessen. Han kjem av fargestoffet annatto – framstilt av frøa til annattobusken, som veks i Mellom- og Sør-Amerika.

Ingen annatto, ingen cheddar, og det var altså difor eg lo av ostepopposen – for slik trudde eg det var. Heilt til i dag.

Litt juks likevel

Ei medverkande årsak til det gode humøret var nok òg ei kjensle av at eg no hadde matspalte i boks for inneverande veke. Stor vart difor overraskinga då eg sette meg ned for å gjere den obligatoriske førskrivingsgooglinga – og oppdaga at kvit cheddar på ingen måte er noko OLW, produsenten av osteballane, kom på.

White cheddar er rett og slett ein ost ysta som cheddar, men utan annatto. Det som gjer cheddar til cheddar, er heller ikkje fargen, men ystemetoden: Cheddar vert cheddar etter at ostestoffet er utskilt frå mysa. Då vert ostemassen pakka saman og snudd mange gongar – slik tørker det fortare. Men osten er ikkje forma enno: Tvert om vert han malen opp, for så å verte forma til si endeleg form – og gje smaken og konsistensen vi kjenner som cheddar.

Sjølv det mest meiningslause daglegvareprodukt synte seg altså å ha noko å lære meg. Sett slikt.

Det tyder likevel ikkje at eg ser nokon grunn til å ete Cheez Snow Balls med det fyrste. Det er mellom anna andre ting dei er meir uærlege omi marknadsføringa, som at det på framsida står «White cheddar & sour cream» (rømme, på norsk), medan det på baksida, nærare bestemt i innhaldslista, ikkje er ein einaste drope rømme å finne. Derimot er det syntetisk framstilt aroma. Men å putte eit laboratorieframstilt smaksstoff i røra for å skape ein smak verken var, er eller vil nokon gong verte det same som å bruke produktet som faktisk har gjeve namn til smaken.

Då held eg meg like godt til den oransje varianten. Han gjev seg i det minste ikkje ut for å vere noko anna enn det han er: skikkeleg grisete.

Sidan eg er i det gåvmilde hjørnet, slenger eg likevel på mitt beste triks mot nett det: Den perfekte måten å ete ostepop på er ikkje i form av snøballar. Det er med spisepinnar.

Kjøper Cheez Snow Balls? Nei takk, ikkje så lenge dei smalare og lengre ostepopvariantane er så mykje lettare å halde på pinnen.  

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Humoren låg ikkje i forma, men i fargen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis