Ost med matrixeffekt
«Det er løyndomsfulle makter i han som i ingen annan norsk ost.»
Gamalost, gulost og blåost: Kanskje er dei – uansett farge – sunnare enn næringsstoffa dei inneheld, tilseier?
Foto: Berit Keilen / NTB scanpix
Scene 1: Neo ser skeptisk ned på sitt fyrste måltid utanfor The Matrix. Ei slimete masse med noko som kan sjå ut som korn. «Lukk auga, så kan du late som det er blautkokt egg», foreslår Mouse. «Det er eit eincella protein kombinert med syntetisk amino, vitamin og mineral. Alt kroppen treng», kontrar Dozer. «Det har ikkje alt kroppen treng», slår Mouse fast og byter tema.
Scene 2: Vi har flytta oss til Vik kommune i indre Sogn i 2015. Bygda hadde venta lenge på dette. Heile Vik kommune skulle få slått vitskapleg fast det dei sjølve hadde visst så godt: at å ete gamalost – osten Hulda Garborg meinte hadde «løyndomsfulle makter» – er beste måten å verte gamal på. I 2012 hadde den pakistanske forskaren Tahir Mahmood Qureshi funne blodtrykksenkande peptid (kjeder av aminosyrer) i gamalost. Han hadde testa peptida i utanomkroppslege modellar (in vitro) og funne at peptida oppformeira seg i tarmen. Altså burde gamalost, i teorien, senke blodtrykket. I tillegg fann han vitamin K2, som mellom anna er godt for hjartet.
Qureshi reiser attende til Pakistan, men doktorgradsstudent Rita Nilsen McStay tek opp tråden: Ho får 153 sprell levande forsøksmenneske som i åtte veker skal ete enten 50 gram Gamalost, 80 gram Norvegia eller ikkje ost i det heile, i tillegg til den daglege dietten. McStay kontrollerer kolesterol og blodtrykk hjå forsøkspersonane. Teorien er grei: Mager gamalost skal senke kolesterol og blodtrykk.
Men så var det ikkje det som skjedde. Stikk i strid med globale kosthaldsråd kom forsøkspersonane som åt ost, om han no var feit eller mager, ut med lågare kolesterol enn dei som ikkje åt ost. Særleg var reduksjonen tydeleg hjå dei forsøkspersonane som gjekk inn i studia med høgt blodtrykk, høgt kolesterol eller på andre måtar var i risikosona for hjarte- og karsjukdommar. Alle gruppene fekk lågare blodtrykk.
Ingen konklusjon
Kva har skjedd her? Vel, på same måte som innbyggjarane i Matrix aldri eigentleg kan vite om dei har ete blautkokt egg eller kva det i så fall smakar, kan det synast som om vi i vår – forhåpentlegvis – verkelege verd veit mykje mindre enn vi trur om kva som er godt for oss og ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.